Haraldshaugen (Haugesund): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 22: Linje 22:

Dei innsamla pengane til monumentet strakk ikkje til, men Stortinget gav ei hjelpande hand og løyvde 1500 spesidalar. Vedtaket var ikkje einstemmig. Blant dei som stemde mot var Søren Jaabæk. Utover våren og forsommaren 1872 var det hektisk aktivitet i Haugesund. Oppå den vesle gravhaugen på Gardå som Fortidsminneforeininga hadde kjøpt, blei det laga ein stor jordhaug og på toppen av denne sette ein den ca. 55 fot høge støtta.

==Festdagen 18. juli==
18. juli 1872 vart den store festen arrangert. Dagen var tilfeldig vald og blei markert over heile landet. I Haugesund starta det med kanonsalutt klokka 6. Deretter gjekk det slag i slag utover dagen med festgudsteneste i Skåre kyrkje, prosesjon gjennom byen og til Haraldsstøtta, avduking med diverse progam og seinare festmiddag i ein paviljong reist for dette høvet. Prins Oscar stod for avdukinga, sidan kongen hadde meldt avbud på grunn av sjukdom. Representantar for regjering, høgsterett og universitetet var til stades. Stortinget hadde sendt ein delegasjon på 12 representantar til Haugesund. Fylka som steinane kring minnesmerket symboliserte, hadde sine utsendingar. Elles bidrog til dømes Hardangerske bataljon, Bergenske brigades musikkorps og eit sangkor frå Bergen. Eit norsk og eit svensk krigsskip kom til byen. Det norske hadde med seg Marinens musikkorps, samt kanoner og fyrverkeri frå Horten. Frå Christiania var det sendt flagg, servise til festmiddagen og personale til oppvartninga.