Haraldshaugen (Haugesund): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 24: Linje 24:


==Festdagen 18. juli==
==Festdagen 18. juli==
18. juli 1872 vart den store festen arrangert. Dagen var tilfeldig vald og blei markert over heile landet. I Haugesund skein sola frå blå himmel, men det blas ein kald nordavind. Kanonsalutt klokka 6 markerte opninga av festen. Deretter gjekk det slag i slag utover dagen med festgudsteneste i Skåre kyrkje, prosesjon gjennom byen og til Haraldsstøtta, avduking med diverse progam og seinare festmiddag med mange talar i ein paviljong reist for dette høvet. Prins Oscar stod for avdukinga, sidan kongen hadde meldt avbud på grunn av sjukdom. Representantar for regjering, høgsterett og universitetet var til stades. Stortinget hadde sendt ein delegasjon på 12 av sine fremste representantar til Haugesund. Fylka som steinane kring minnesmerket symboliserte, hadde sine utsendingar. Elles bidrog til dømes Hardangerske bataljon, Bergenske brigades musikkorps og eit sangkor frå Bergen. Eit norsk og eit svensk krigsskip hadde kome til byen. Det norske hadde med seg Marinens musikkorps, samt kanoner og fyrverkeri frå Horten. Frå Christiania var det sendt flagg, servise til festmiddagen og personale til oppvartninga. Haugesund var rydda og reingjort og gatene pynta flagg og grønt. Arrangementet gjekk stort sett etter programmet og bidrog til å setja sildabyen ved Karmsundet på norgeskartet.
18. juli 1872 vart den store festen arrangert. Dagen var tilfeldig vald og blei markert over heile landet. I Haugesund skein sola frå blå himmel, men det blas ein kald nordavind. Kanonsalutt klokka 6 markerte opninga av festen. Deretter gjekk det slag i slag utover dagen med festgudsteneste i Skåre kyrkje, prosesjon gjennom byen og til Haraldsstøtta, avduking med diverse progam og seinare festmiddag med mange talar i ein paviljong reist for dette høvet. Prins Oscar stod for avdukinga, sidan kongen hadde meldt avbud på grunn av sjukdom. Representantar for regjering, høgsterett og universitetet var til stades. Stortinget hadde sendt ein delegasjon på 12 av sine fremste representantar til Haugesund. Fylka som steinane kring minnesmerket symboliserte, hadde sine utsendingar. Elles bidrog til dømes Hardangerske bataljon, Bergenske brigades musikkorps og eit sangkor frå Bergen. Eit norsk og eit svensk krigsskip hadde kome til byen. Det norske hadde med seg Marinens musikkorps, samt kanoner og fyrverkeri frå Horten. Frå Christiania var det sendt flagg, servise til festmiddagen og personale til oppvartninga. Haugesund var rydda og reingjort og gatene pynta flagg og grønt. Handelsstanden nytta høvet til å framby mellom anna "Haraldssigarar" og krus med teikning av minnestøtta. Arrangementet gjekk stort sett etter programmet og bidrog til å setja sildabyen ved Karmsundet på norgeskartet. Då fekk det heller våga seg at Ibsen blei rasande då han høyrde at kantata hans var framført under festmiddagen og ikkje som ein sentral post på avdukingseremonien tidlegare på dagen. Haugesund hadde på denne tida rundt 4000 innbyggjarar, men det skal ho vore om lag 20 000 menneske i byen 18. juli 1872. Dermed var ikkje dette ein fest berre for "fiffen". Ein bunadskledd mann hadde til dømes gått den lange vegen frå Setesdal til Haugesund. Då vakta i kyrkjedøra fekk høyra det, slapp setesdølen inn sjølv utan adgangskort.
 
==Litteratur==
*Krag, Claus: 18. juli 1872. I: Et hus med mange rom. Vennebok til Bjørn Myhre på 60-årsdagen. Red. Ingrid Fuglestvedt, Terje Gansum, Arnfrid Opedal. Arkeologisk museum i Stavanger, 1999. Serien ''AmS-rapport'', 11B
*Østensjø, Reidar: ''Haugesund. B. 1: 1835-1895''. Haugesund kommune, 1958