Hartvig Halvorsen (1854–1910)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Hartvig Halvorsen»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hartvig Halvorsen foto jpeg.jpg

Hartvig Halvorsen (fødd 1854, død 1910) frå Hjelmeland er ein sentral person i norsk kyrkjehistorie. Han var sekretær for Lutherstiftelsen i seks viktige år i 1880-åra, han var Diakonhjemmet sin grunnleggjar og første forstandar, og han var den drivande krafta bak opprettinga av Menighetsfakultetet i 1907.

Bakgrunn

Hartvig Halvorsen vart fødd i Hjelmelandsvågen i 1854, som nummer tre i ein søskenflokk på seks. Faren var Ole Halvorsen, som var fargar i Vågen og kom frå Osterøy ved Bergen. Mora var Elen Danielsdotter frå Avaldsnes. Ole Halvorsen dreiv eit fargeri som han utvikla til ei stor og lønsam verksemd. Heimen var nok ganske velståande. Ole Halvorsen var av haugianarslekt og vart ein av leiarane i lekmannsarbeidet i Hjelmeland. Halvorsen-familien var ein driftig haugiansk familie som levde i pakt med den pietistiske livsforma i bygda. Men det var nok ikkje ei mørk og tung stemning i heimen. Både foreldra og borna var kvikke og humoristiske, har sambygdingen Johannes Arneson fortalt om.

Hartvig Halvorsen hadde fem søsken som levde opp. I tillegg var det fire til, som døydde som speborn. To av søskena emigrerte til Amerika, og ei søster vart gift til Gjesdal. Dei to andre vart verande i Hjelmeland. Den eldre broren Daniel Halvorsen overtok fargeriet etter faren, dreiv som handemann og var mykje med i styre og stell i Hjelmeland, m.a. som ordførar i tre periodar. Yngste søstera Sanna vart gift med lærar Jone Bjelland. Dei overtok heimehuset i Vågen, som då etter kvart vart heitande Bjellandhuset.

Familien sin økonomi gjorde det muleg for borna å ta utdanning. Tretten år gammal vart Hartvig Havorsen elev ved Stavanger lærde skule, der han tok realskuleeksamen på to år. Deretter las han privat til examen artium og vart student i 1873, 19 år gammal. Det ser ut til at utdanningsplanane var heilt klare. Frå Stavanger gjekk vegen rett til universitetet i Kristiania, og der tok han eksamen i førebuande prøver i filosofi året etter.

Starta folkehøgskule

Vinteren 1874-1875 vart det eit interessant brot i utdanningskarrieren. Hartvig Halvorsen vende då tilbake til Hjelmeland saman med ein annan ung student, Jesper Berge frå Gjesdal, for å halde folkehøgskule her i Hjelmeland. Dei to unge studentane var tende av folkehøgskuletanken, men det var ikkje ein grundtvigiansk folkehøgskule dei dreiv. Dei fekk støtte til skuledrifta av «Folkehøiskolekomiteen i Kristiania», som ytte støtte til ikkje-grundtvigianske skular. I denne komiteen sat det leiande menn i norsk kyrkjeliv som såg med skepsis på dei ideal og det livssyn dei grundtvigianske folkehøgskulane stod for. Dei ville reise alternative skular med det same folkeoppsedande føremålet, men på trygg kyrkjeleg grunn. Her møtte den unge studenten frå Hjelmeland personar, miljø og tenkjemåtar som skulle få mykje å seia for hans eigen utvikling som teolog og kyrkjemann.

Folkehøgskulen på Hjelmeland denne vinteren var eit pionertiltak i Ryfylke. Han hadde tilhaldsstad på bedehuset i Vågen og må såleis ha hatt eit innhald som vart godtatt av kristenfolket i bygda. Alle elevane gjekk i ein klasse. For Hartvig Halvorsen og Jesper Berge vart det med denne eine skulevinteren. Vi veit heller ikkje om dei hadde planar om meir.

Redaktør i Stavanger

Hartvig Halvorsen reiste tilbake til Kristiania og kasta seg over teologistudiet. Etter tre år tok han teologisk embetseksamen, berre 24 år gammal. Då blei det eit nytt brot i karrieren. Vegen gjekk på nytt tilbake til Rogaland, til Stavanger, der han tok til som redaktør av den nystarta avisa Vestlandsposten, som Lars Oftedal stod bak. Han kom dermed i sentrum av den sydande verksemda rundt Lars Oftedal. Redaktørposten var ein strategisk viktig posisjon i Oftedal sitt imperium, og her kunne Oftedal ikkje plassere kven som helst. Han måtte ha ein mann han kunne stole på, ein som stod for det same som han sjølv. Vi veit ikkje kor nær kontakt Hartvig Halvorsen hadde hatt med den oftedalske vekkinga før, men han kjende sjølvsagt til henne. Og den sommaren Halvorsen kom heim som ferdig teologisk kandidat vart det halde årsmøte i «Ryfylke og Jæren Fællesforening for den Indre Mission» i Hjelmeland over tre dagar. Lars Oftedal deltok på heile møtet, og det kan vera då han greip fatt i den gåverike ferske teologen. I september var Hartvig Halvorsen iallfall på plass i Stavanger på redaktørkrakken, og avisa skulle kome med si første utgåve 1. oktober. Men han vart ikkje lenge i stillinga. Etter eit halvår braut han opp og reiste tilbake til Kristiania for å avslutte si utdanning med praktikum, og han tok praktisk-teologisk eksamen hausten 1879. Det var nok ikkje nokon dramatikk rundt oppbrotetet frå Stavanger. Mykje tyder på at det var tenkt som eit tidsavgrensa engasjement, kanskje medan han venta på å få plass på praktikum.

Som ferdig utdanna prest kunne han søkje seg prestestilling. Han vart først personalkapellan i Vanse på Sørlandet. Der var han i nesten tre år. Det siste halvtanna året var han fungerande sokneprest etter at soknepresten døde. Mens han var i Vanse gifte han seg med Gidske Rasmussen (1856-1941) frå Sand. Dei fekk seks born. To av dei døde i ung alder.

Etter eit kort opphald som kapellan i Høyland kom han i 1883 tilbake til hovudstaden og gjekk inn i ei stilling som stifskapellan. Sidan var det i Kristiania han skulle ha sitt virke. Men heller ikkje i stillinga som stiftskapellan vart han lenge. Året etter vart han kalla til stillinga som sekretær for Lutherstiftelsen. Han var i tvil om han skulle ta stillinga og forlate si oppgåve som prest, men enda med å seia ja. Stillinga som sekretær for Lutherstiftelsen tilsvarar notidas stilling som generalsekretær i Indremisjonsselskapet (no Normisjon) 

Sekretær i Lutherstiftelsen

Som sekretær i Lutherstiftelsen kom Halvorsen til å spele ei viktig rolle i arbeidet med å samle indremisjonsforeningane rundt om i landet i eit landsindremisjonsselskap med klar kyrkjeleg tilknyting. Halvorsen stod her i eit arbeid med eit anna kyrkjesyn og eit anna syn på lekmannsarbeidet enn verksemda til Lars Oftedal. I Lutherstiftelsen var det såkalla «nødsprinsippet» eit berande prinsipp. Det innebar ei restriktiv haldning til lekmannsforkynning. Det var i prinsippet prestane som skulle forkynne, og lekmenn som forkynnarar kunne berre aksepterast som ei unntaksordning i ein nødssituasjon med for dårleg kyrkjeleg betjening. Som sekretær i Lutherstiftelsen ville Halvorsen gjerne skape forsoning og einskap og samle dei ulike grupperingane i ei kyrkjeleg indremisjonsrørsle. Det vart noko av eit livskall for han å arbeide for ei levande verksam kyrkje med ein sterk og samla indremisjon. Derfor vart han aktiv på to frontar, både i arbeidet med å samle indremisjonen og i det kyrkjelege reformarbeidet. 

Mot denne bakgrunnen må vi forstå hans innsats for indemisjonen og for diakonien. Han såg det som eit livskall å verke for at kyrkja skulle bli ein levande og verksam institusjon i folket. Indremisjon og diakoni var då to måtar å utruste kyrkja på. Men indremisjonen skulle vere kyrkjas indremisjon, og diakonien skulle vere kyrkjas diakoni.

Grunnleggjar av Diakonhjemmet

Hartvig Halvorsen var Diakonhjemmet sin grunnleggjar og første forstandar. Starten skjedde våren 1890, 22 år etter at Diakonissehuset var grunnlagt, ved at ti unge menn flytte inn i Magdalenastiftelsens bygning i Ullevålsveien i Oslo for å utdanne seg til omsorgsarbeid. Ei husstyrarinne, ein gartnar og ein forstandar skulle leie arbeidet, og forstandaren var altså Hartvig Halvorsen. Det var han som hadde lansert ideen innanfor Lutherstiftelsen. Som sekretær i Lutherstiftelsen reiste han saka på eit styremøte i organisasjonen. Ideen fekk raskt tilslutning, tida var moden. Det gjekk berre eit halvt år Halvorsen tok opp saka i styret for Lutherstiftelsen til elevar og personale flytta inn og Diakonhjemmet var i gang. Visjonen bak var å byggje ut den diakonale funksjonen i kyrkja, for at evangeliet kunne bli forkynt også med gjerning, ikkje berre med ord, og for at kyrkja kunne reise ein effektiv kamp mot den åndelege og sosiale nauda i samfunnet.

Hartvig Halvorsen var forstandar på Diakonhjemmet i 14 år, fram til 1904, og stod såleis i leiinga for institusjonen i dei første viktige utbyggingsåra. Då han slutta, vart han igjen prest, sokneprest i ei Oslo-menighet. Her verka han nokre år framover. Men så vart han sjuk, og han døydde 1910, på Diakonhjemmets sjukehus, berre 56 år gammal. Han er gravlagd i familiegrav på Vestre Aker kirkegård i Oslo.

Drivande kraft bak opprettinga av Menighetsfakultetet

Det som kanskje har vore minst kjent ved Hartvig Halvorsen sitt virke, var at han også var aktivt med ved opprettinga av Menighetsfakultetet. Startskotet for det gjekk i 1906, då den liberale teologen Johannes Ording vart utnemnd til professor i systematisk teologi ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo. Det hadde i fleire år vore stor uro både mellom geistlege og lekfolk over utviklinga ved landets einaste utdanningsinstitusjon for prestar. I fleire samanhengar var det teke til orde for ein presteskule som skulle vera kyrkja sin eigen utdanningsinstitusjon, bygd på kyrkja si vedkjenning. Like etter utnemninga av Ording samla ei gruppe seg for å arbeide for opprettinga av ein alternativ presteskule, og Hartvig Halvorsen er framstilt som den drivande kraft i denne gruppa. Det teologiske Menighetsfakultet vart konstituert som ein frittståande institusjon i oktober 1907, og undervisninga starta opp hausten 1908.

Bakgrunnen for den store støtta som Menighetsfakultetet fekk i starten, finn vi først og fremst i professorsaka (utnemninga av Ording), og kva ho representerte av haldningar frå både regjeringa og frå liberale teologar. Kravet om ei alternativ presteutdanning synest i første omgang å ha ei rein teologisk grunngjeving. Men i siste instans handla det om kyrkjelydane sin rett til å ha innverknad på utdanninga av eigne prestar.

Innviingsfesten for Menighetsfakultetet vart halden den 3. september 1908. Fakultetet hadde tre lærarar i starten. Sigurd Odland skulle undervisa i Det nye testamente, og Peter Hognestad i Det gamle testamente. Edvard Sverdrup tok seg av kyrkjehistoria. Etter ei tid kom Ole Hallesby til som den fjerde læraren, med ansvar for undervisninga i systematisk teologi.

Medstiftar av Kirkepartiet

Saman med nokre av dei han hadde samarbeidd med ved opprettinga av Menigetsfakultetet, var Hartvig Halvorsen også med på å starte eit politisk parti, Kirkepartiet, i november 1907. Jus-professor og lærar i kyrkjerett Absalon Taranger var forgrunnsfiguren, andre leiande var professor Sigurd Odland ved Menighetsfakultetet, parktikumsrektor Bernt Støylen og sokneprest Hartvig Halvorsen. Partiet ville arbeide for ei fri folkekyrkje, løyst frå staten. Kampen mot den liberale teologien var ein del av bakgrunnen. Kirkepartiet fekk aldri noko verkeleg slagkraft. Oppslutninga var størst i lekmannskrinsar på Austlandet, men mellom det kristelege lekfolket på Vestlandet slo dei ikkje gjennom. Her makta Venstre stort sett å halde på dei lågkyrkjelege veljarane. 

Kjelder og litteratur

  • Trygve Brandal: "Hartvig Halvorsen - ein hjelmelandsbu i norsk kyrkjehistorie". Gamalt frå Suldal. Årsskrift for Suldal sogelag 2002 s. 55-58.