Haugeheim skule

Haugeheim skule var ein kristen privatskule på Vorland i Sund kommune i Hordaland. Initiativet til å starta opp skulen kom frå den lutherske rørsla "Hauges Venner" (seinare kalla "Det haugianske vennesamfunn"), som var bygd på læregrunnlaget frå forkynnaren Hans Nielsen Hauge. Skulen hadde undervisning både på barnetrinnet og i realskulen, og var i drift frå 1960 til 1970. Skulehuset vart deretter overteke av Sund kraftlag.

Den tidlegare presten Amund Bentzen var ein av dei fremste pådrivarene for å få skulen reist. "Hauges venner" meinte utviklinga i den offentlege skulen gjekk i feil retning, spesielt innanfor kristendomsopplæringa. Dei såg det difor som svært viktig å få etablert ein skule der det ortodoks-pietistiske læregrunnlaget stod i sentrum, blant anna med katekismeforklaringa til Erik Pontoppidan som pensum.

Skulen vekte oppsikt over heile landet, med mykje oppslag i media. Ein av dei som gjekk ut til forsvar for skulen var redaktør Arthur Berg i avisa Dagen.

Reportasje frå innviinga av skulen, NRK

Kjelder