Heggebø/Leirvik krins
Heggebø/Leirvik krins i Hyllestad kommune var i 1861 ein del av krins nr 14 med Handal, Ås, Foss, Stigestrand, Leirvik, Indre-Ytre Bø, Løvås, Haukås, Hatleli, Lonebotn, Heggebø, Djupevik, Bråstad, Tveit og Brendesdal. Året etter, i 1862, vart Tveit og Brendsdal delvis lausrive med seks veker heimeundervisning og fire veker i Heggebø. I 1864 vart krinsen delt og det som var igjen i Heggebø krins var Ruskedal, Ytre Bø, Indre Bø, Leirvik, Heggebø og Bråstad.
Handal var eigen krins frå 1864 til 1884 og dekka Handal, Aas, Foss, Løvås, Lien og Loneboten.
I 1884 vart det bygd felles skulehus for Heggebø og Handal og krinsane vart slått saman. Skulehuset vart flytta til Leirvik i 1907, og krinsen vart etter kvart heitande Leirvik krins.
I 1990 dekka Leirvik krins Brendsdal, Handal, Foss, Indrefjord og Sågnes og hadde skulehus i Leirvik.
Skulehus
Heggebø skule
- Byggeår: 1884/85
- Fungerte som skule: 1885-
- Anna bruksområde: Flytta skulehuset til Leirvik i 1907.
Leirvik skule
- Byggeår: 1958-60
- Fungerte som skule: 1960-2002
- Anna bruksområde: Asylmottak (frå 2015)
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Føydd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bruknapp | Gerd | Leirvik skule | 1962 | ||||
Ringstad | Anders Andersen | Heggebø skule | 1885 | Stord lærerskole | Rektor | ||
Aas | Sverre | Leirvik skule | 1952 | ||||
Aas | Bergljot | Leirvik skule | 1963 | ||||
Bernhoft-Osa | Th | Leirvik skule | 1964 | ||||
Hagevik/Handal | Sigrun | Leirvik skule | 1972 | 1985 | |||
Furre | Harald | Leirvik skule | 1964 | ||||
Handal | Lillian | Leirvik skule | 1971 | 1972 | |||
Hansen | Bjarne | Leirvik skule | 1966 | 1972 | |||
Kolgrov | Solveig | Leirvik skule | |||||
Moe | Jan Kåre | Leirvik skule | 1985 | 1987 | |||
Sognnes | Ingeborg | Leirvik skule | |||||
Wolff | Kari | Leirvik skule | 1965 | 1969 | |||
Førsund | Olav | Leirvik skule | 1926 | 1952 |
Foto
- Bilete av garden Heggebø teke like før eller under eit av dei fyrste krigsåra. Personane er Olav Førsund med kona Ragnhild og dei tre yngste borna. Fotograf: Ragnar Førsund. Tilbydar: Ragnhild Sognnæs / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, fotoavdelinga
- Sløydtime med lærar Olav Førsund (ca 1935). Seks unge gutar 'i fullt arbeid', tre lagar krakk, to ski og ein steller i stand ei spekefjøl. Fotograf: Bjarne Råsberg. Tilbydar: Hyllestad kommune/ Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, fotoavdelinga
- Handarbeidstime ved Leirvik skule omlag 1938. Dei ni jentene 'i fullt arbeid' med å sy. Lærar er Solveig Kolgrov. Fotograf: Bjarne Råsberg. Tilbydar: Hyllestad kommune/ Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, fotoavdelinga
- Leirvik Skulemusikk fotografert i 1966. Harald Furre var dirigent. Han kom til Leirvik som lærar i 1965, og starta opp Leirvik Skulemusikk, som var det første korpset i kommunen. Fotograf: ukjend. Tilbydar: Ragnhild Sognnæs / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, fotoavdelinga
- Olav Førsund (f.1887). Olav Førsund kom frå Førsund i Høyanger kommune og flytta til Leirvik som lærar i 1926. I 1929 kjøpte han garden på dødsbuauksjon, og var lærar i Leirvik til han gjekk av med pensjon. Han starta også sangkor i Leirvik. Han var gift med Ragnhild Ruud frå Eiker. Fotograf: ukjend. Tilbydar: Ragnhild Sognnæs / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, fotoavdelinga
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Heim og skule Nr. 3 Oktober 1960
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
Koordinater: 61.130320° N 5.353475° Ø