Heggjeslettune under Innistog Byklum: Forskjell mellom sideversjoner

korr
(bilete)
(korr)
Linje 77: Linje 77:
I ''Mo bygdebok'' ( I, 440) heiter det seg at Gunnar O. Hoslemo i 1879 fekk dottera Birgit med ei jente som heitte Ingebjørg Talleivsdotter med adressa Reini. Men dette er ei mistyding, då kyrkjeboka frå Mo viser at mora var kona Ingebjørg Folkesdotter Reini, og at Birgit Gunnarsdotter altså var ektefødd. Ettersom Ingebjørg budde i Mo i 1879, gjorde sikkert også Gunnar det, om han aldri så mykje vart oppskriven i Mo kyrkjebok med etternamnet Hoslemo. Men alt i 1881 var familien attende i Bykle, ettersom sonen Knut vart konfirmert frå [[Gjerden (Bykle gnr 15)|Gjerden]] det året, så då har dei vel budd einkvarstad der. Då Birgit vart konfirmert i Bykle i 1894, noterte presten heilt korrekt at ho var døypt i Mosokn.  

Ettersom den same Birgit Gunnarsdotter i 1902 gifte seg med Olav K. Flateland i Valle, er ho også omtala i ''Vallesoga'' (VI, 267), men der står det at mor hennes var Jorunn Eivindsdotter frå [[Systog (Bykle gnr 16/2)|Systog Trydal]]. Dette er gale, og forklaringa på denne feilen er nok at det var to personar som heitte Gunnar Olsson, som båe vart skrivne med etternamnet Trydal. Den eine av dei var vår Gunnar O. Hoslemo, som var gift med Ingebjørg Folkesdotter. Den andre Gunnar-en var son åt Olav Salmundsson Tveiten, og han var gift med Jorunn Eivindsdotter. Mor åt den sistnemnde Gunnar O. Trydal heitte Åse Folkesdotter, og var syster åt Ingebjørg. Såleis var altså vår Birgit Gunnarsdotter syskenbarnet åt den Gunnar-en som var gift med Jorunn Eivindsdotter. Det sistnemnde ekteparet hamna elles i Amerika, slik ''Vallesoga'' også seier. Men foreldra åt Birgit Gunnarsdottar gjorde ikkje det. Ingebjørg Folkesdotter døydde i [[Åsdokk (Bykle gnr 17/21)|Åsdokk]] i 1897, mannen hennes 2 år seinare.  
Ettersom den same Birgit Gunnarsdotter i 1902 gifte seg med Olav K. Flateland i Valle, er ho også omtala i ''Vallesoga'' (VI, 267), men der står det at mor hennes var Jorunn Eivindsdotter frå [[Systog (Bykle gnr 17/2)|Systog Trydal]]. Dette er gale, og forklaringa på denne feilen er nok at det var to personar som heitte Gunnar Olsson, som båe vart skrivne med etternamnet Trydal. Den eine av dei var vår Gunnar O. Hoslemo, som var gift med Ingebjørg Folkesdotter. Den andre Gunnar-en var son åt Olav Salmundsson Tveiten, og han var gift med Jorunn Eivindsdotter. Mor åt den sistnemnde Gunnar O. Trydal heitte Åse Folkesdotter, og var syster åt Ingebjørg. Såleis var altså vår Birgit Gunnarsdotter syskenbarnet åt den Gunnar-en som var gift med Jorunn Eivindsdotter. Det sistnemnde ekteparet hamna elles i Amerika, slik ''Vallesoga'' også seier. Men foreldra åt Birgit Gunnarsdottar gjorde ikkje det. Ingebjørg Folkesdotter døydde i [[Åsdokk (Bykle gnr 17/21)|Åsdokk]] i 1897, mannen hennes 2 år seinare.  
   
Sonen, Øyulv, set me berre inn her i mangel på betre plassering. Han gifte seg i Bykle i 1890, men tykkjest deretter å ha halde til einkvarstad i Mo, iallfall vart dottera døypt der i 1891.  
Sonen, Øyulv, set me berre inn her i mangel på betre plassering. Han gifte seg i Bykle i 1890, men tykkjest deretter å ha halde til einkvarstad i Mo, iallfall vart dottera døypt der i 1891.