Heimar og folk i Bykle

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Heimar og folk i Bykle, band I.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.

Bøkene er skrive på nynorsk, med innslag frå både byklemålet og vinjemålet.

Digital utgåve

Mange tok godt imot verket, men ein kan ikkje unnlate å nemne at det også var mange negative reaksjonar. Mange rettingar som hadde kome inn under arbeidet hadde ikkje kome med i det ferdige verket, og det som i hovudsak er ei grundig framstilling av gards- og ættesoga i Bykle vart skjemma av fleire feil enn det som er vanleg i slike bøker. For å bøte på dette vart det bestemt at det skulle kome eit tilleggsband med rettingar. I arbeidet med å finne ut korleis ein best kunne gjere dette, vart Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) kontakta. Under eit møte på seinvinteren 2014 kom eit forslag om å nytte Lokalhistoriewiki på bordet, og etter ein presentasjon for nemnda og behandling i kommunestyret vart det bestemt at heile boka skulle digitaliserast. Bykle kommune gjekk inn med midlar til dette, og NLI kunne då ta på seg ansvaret for å digitalisere boka, rette opp kjende feil og følgje det vidare arbeidet med korrigering og oppdatering av boka.

Digitaliseringa av Heimar og folk i Bykle starta hausten 2014, og leiar til at Bykle blir den første kommunen i Noreg med ei fullstendig gards- og ættesoge i digital form.

Kjelder

Sjå og