Heimar og folk i Bykle/Innleiing: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
 
(2 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 13: Linje 13:
Såleis slepp lesaren å bla fram og attende for å finne dei biografiske detaljane om dei personane som vert omtala i historia om garden, bruket, plassen eller huset. Dermed kan historia om kvart einskild eining i forma nærme seg ein slags roman, eller kanskje rettare sagt ei episodisk, dramatisk forteljing, rett nok med talrike resonnerande eller essaysistiske innslag. Så langt dette faktisk, som eg trur, er ein fyremon, er han reint litterær, men bygdebøker er også ein litterær sjanger, og bør difor leggje vinn på å vera leselege.  
Såleis slepp lesaren å bla fram og attende for å finne dei biografiske detaljane om dei personane som vert omtala i historia om garden, bruket, plassen eller huset. Dermed kan historia om kvart einskild eining i forma nærme seg ein slags roman, eller kanskje rettare sagt ei episodisk, dramatisk forteljing, rett nok med talrike resonnerande eller essaysistiske innslag. Så langt dette faktisk, som eg trur, er ein fyremon, er han reint litterær, men bygdebøker er også ein litterær sjanger, og bør difor leggje vinn på å vera leselege.  


Gards- og ættesoger med mengder av snaue data og fakta i telegramstil, som det finnst ikkje så få av, vil fort taka seg ut som reine bustads- og personkatalogar. I slike bøker står alle påstandar utan grunngjeving, slik at ingen kan gjera seg opp ei meining om kor sikre eller usikre dei kan vera, utan å gå til originalkjeldene. Dertil kjem at det ikkje er til å unngå at at slike bøker fort vert heller kjedelege for alle andre enn dei som får den næraste familien og slekta si opplista. I den nye bygdeboka for Bykle er ambisjonen at også andre enn desse skal finne lesinga interessant. Men dette skal sjølvsagt ikkje vera til hinder for at dei som vil nytte bygdeboka som utgangspunkt for å stille opp ættetavler, greitt skal finne det dei har bruk for til det fyremålet.  
Gards- og ættesoger med mengder av snaue data og fakta i telegramstil, som det finnst ikkje så få av, vil fort taka seg ut som reine bustads- og personkatalogar. I slike bøker står alle påstandar utan grunngjeving, slik at ingen kan gjera seg opp ei meining om kor sikre eller usikre dei kan vera, utan å gå til originalkjeldene. Dertil kjem at det ikkje er til å unngå at slike bøker fort vert heller kjedelege for alle andre enn dei som får den næraste familien og slekta si opplista. I den nye bygdeboka for Bykle er ambisjonen at også andre enn desse skal finne lesinga interessant. Men dette skal sjølvsagt ikkje vera til hinder for at dei som vil nytte bygdeboka som utgangspunkt for å stille opp ættetavler, greitt skal finne det dei har bruk for til det fyremålet.  
   
   
==Forteljestoff ==
==Forteljestoff ==
   
   
Bygdeboka inneheld meir enn årstal og namn. Eg har prøva å få med iallfall noko forteljestoff om så mange som råd av dei omtala personane, for så langt som mogeleg å gjera dei nokonlunde livande for lesarane. Dette lyt likevel i fyrste rekkje gjelde folk i noko eldre tid. For dei siste par mannsaldrane har eg som regel nøgd meg med å fortelje kvar folk bur eller budde, og kva dei steller eller stelte med i yrkeslivet. Det eldre forteljestoffet er delvis henta or skifteprokollar og tingbøker og andre skriftlege kjelder, og delvis or samlingar med med munnleg tradisjon, særleg Johannes Skars ''Gamalt or Setesdal''. Dette tyder ikkje at eg ligg under for illusjonar om at tradisjonen nødvendigvis er påliteleg, men for den skuld tykkjer eg at han har verdi i seg sjølv, og om ikkje anna så fungerer han bra som krydder. I ikkje så få tilfelle er det dessutan mogeleg å jamføre tradisjonen med dei skriftlege kjeldene. Då kjem ein som regel fram til at jamvel om det munnfortalde rett som det er kan vera upresist i mange av detaljane, så har det ei kjerne av røyndom å byggje på.  
Bygdeboka inneheld meir enn årstal og namn. Eg har prøva å få med iallfall noko forteljestoff om så mange som råd av dei omtala personane, for så langt som mogeleg å gjera dei nokonlunde livande for lesarane. Dette lyt likevel i fyrste rekkje gjelde folk i noko eldre tid. For dei siste par mannsaldrane har eg som regel nøgd meg med å fortelje kvar folk bur eller budde, og kva dei steller eller stelte med i yrkeslivet. Det eldre forteljestoffet er delvis henta or skifteprokollar og tingbøker og andre skriftlege kjelder, og delvis or samlingar med munnleg tradisjon, særleg Johannes Skars ''Gamalt or Setesdal''. Dette tyder ikkje at eg ligg under for illusjonar om at tradisjonen nødvendigvis er påliteleg, men for den skuld tykkjer eg at han har verdi i seg sjølv, og om ikkje anna så fungerer han bra som krydder. I ikkje så få tilfelle er det dessutan mogeleg å jamføre tradisjonen med dei skriftlege kjeldene. Då kjem ein som regel fram til at jamvel om det munnfortalde rett som det er kan vera upresist i mange av detaljane, så har det ei kjerne av røyndom å byggje på.  
   
   
==Oppbyggjinga av boka ==
==Oppbyggjinga av boka ==
Linje 53: Linje 53:
==Fyre kyrkjebøkene ==
==Fyre kyrkjebøkene ==
   
   
Som nemnt ovanfor skal skal fødsels- og dødsår for alle omtala personar vera registrerte, så langt dei er kjende. Når det gjeld folk som vart fødde fyre kyrkjebokperioden, dvs. fyre 1.1. 1714, har eg då, om mogeleg, rekna ut fødselsåret på grunnlag av oppgjeven alder ved dødsfall, eller etter andre typer aldersopgåver. Desse oppgåvene lyt sjåast som meir  
Som nemnt ovanfor skal fødsels- og dødsår for alle omtala personar vera registrerte, så langt dei er kjende. Når det gjeld folk som vart fødde fyre kyrkjebokperioden, dvs. fyre 1.1. 1714, har eg då, om mogeleg, rekna ut fødselsåret på grunnlag av oppgjeven alder ved dødsfall, eller etter andre typer aldersopgåver. Desse oppgåvene lyt sjåast som meir  
eller mindre usikre, og eg har markert dette med å setje inn eit "ca" framfor slike fødselsår.  
eller mindre usikre, og eg har markert dette med å setje inn eit "ca" framfor slike fødselsår.