Heimar og folk i Bykle/Innleiing: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
 
Linje 13: Linje 13:
Såleis slepp lesaren å bla fram og attende for å finne dei biografiske detaljane om dei personane som vert omtala i historia om garden, bruket, plassen eller huset. Dermed kan historia om kvart einskild eining i forma nærme seg ein slags roman, eller kanskje rettare sagt ei episodisk, dramatisk forteljing, rett nok med talrike resonnerande eller essaysistiske innslag. Så langt dette faktisk, som eg trur, er ein fyremon, er han reint litterær, men bygdebøker er også ein litterær sjanger, og bør difor leggje vinn på å vera leselege.  

Gards- og ættesoger med mengder av snaue data og fakta i telegramstil, som det finnst ikkje så få av, vil fort taka seg ut som reine bustads- og personkatalogar. I slike bøker står alle påstandar utan grunngjeving, slik at ingen kan gjera seg opp ei meining om kor sikre eller usikre dei kan vera, utan å gå til originalkjeldene. Dertil kjem at det ikkje er til å unngå at at slike bøker fort vert heller kjedelege for alle andre enn dei som får den næraste familien og slekta si opplista. I den nye bygdeboka for Bykle er ambisjonen at også andre enn desse skal finne lesinga interessant. Men dette skal sjølvsagt ikkje vera til hinder for at dei som vil nytte bygdeboka som utgangspunkt for å stille opp ættetavler, greitt skal finne det dei har bruk for til det fyremålet.  
Gards- og ættesoger med mengder av snaue data og fakta i telegramstil, som det finnst ikkje så få av, vil fort taka seg ut som reine bustads- og personkatalogar. I slike bøker står alle påstandar utan grunngjeving, slik at ingen kan gjera seg opp ei meining om kor sikre eller usikre dei kan vera, utan å gå til originalkjeldene. Dertil kjem at det ikkje er til å unngå at slike bøker fort vert heller kjedelege for alle andre enn dei som får den næraste familien og slekta si opplista. I den nye bygdeboka for Bykle er ambisjonen at også andre enn desse skal finne lesinga interessant. Men dette skal sjølvsagt ikkje vera til hinder for at dei som vil nytte bygdeboka som utgangspunkt for å stille opp ættetavler, greitt skal finne det dei har bruk for til det fyremålet.  
   
==Forteljestoff ==
==Forteljestoff ==