Heimeindustri i Gjesdal på 1800-talet: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Korrektur)
Ingen redigeringsforklaring
 
Linje 4: Linje 4:
Eilert Sundt kunne slå fast at spinning og veving foregjekk i betydeleg omfang i snart sagt kvar heim i Gjesdal. Det vart sagt at dette var hovudgjeremålet for dei fleste kvinnene i kvart hushald mellom oktober og april, og også onnemellom i sommarhalvåret. Også born, gamle og til dels også vaksne, fullføre menn tok del med karding og anna, særleg på vinterkveldane. Karane, jamvel husbonden sjølv, kunne ta på seg typisk «kvinnfolkarbeid» som fjøsarbeid for at kvinnene i hushaldet skulle få halde mest mogleg på med spinning og veving.

Salsproduktet var ferdig vevnad. Vadmål frå Jæren, derunder også rekna Gjesdal, utgjorde i følgje Sundt ein hovudartikkel blant det som vart selt på marknadene i Stavanger. Den arbeidskrevjande råvarebearbeidinga med karding og spinning vart med tida i stor mon sett bort til dei mekaniske ullspinneria som så smått byrja kome i distriktet frå 1860-talet av. Ullspinneria tok på seg «leigespinning», dvs. at bøndene leverte ulla si og fekk ferdig garn attende. Industripioneren Ole Nielsen etablerte eit ullspinneri på Ålgård i 1870. Noko seinare kom det tre ullspinneri i gang på [[Oltedal]]. Dei mekaniske bedriftene gjorde det stort sett slutt på spinninga i heimane. Etter kvart gjekk også vadmålsproduksjonen over frå heimeindustri til fabrikkindustri som vart etablert i Gjesdal og andre stader på Jæren.
Salsproduktet var ferdig vevnad. Vadmål frå Jæren, derunder også rekna Gjesdal, utgjorde i følgje Sundt ein hovudartikkel blant det som vart selt på marknadene i Stavanger. Den arbeidskrevjande råvarebearbeidinga med karding og spinning vart med tida i stor mon sett bort til dei mekaniske ullspinneria som så smått byrja kome i distriktet frå 1860-talet av. Ullspinneria tok på seg «leigespinning», dvs. at bøndene leverte ulla si og fekk ferdig garn attende. Industripioneren Ole Nielsen etablerte eit ullspinneri på Ålgård i 1870. Noko seinare kom det tre ullspinneri i gang på [[Oltedal]]. Dei mekaniserte bedriftene gjorde det stort sett slutt på spinninga i heimane. Etter kvart gjekk også vadmålsproduksjonen over frå heimeindustri til fabrikkindustri som vart etablert i Gjesdal og andre stader på Jæren.

Det fyrste og fremste dømet er verksemda på Ålgård, der Ole Nielsen steg for steg bygde ut spinneriet sitt til å bli ein stor tekstilfabrikk. I lag med fleire verksemder i og utanfor Jæren, danna  Aalgaard Uldvarefabriker AS konsernet [[De Forenede Ullvarefabrikker AS]] i 1916.

Linje 11: Linje 11:

== Utstyr og reiskap til jordbruket ==
== Utstyr og reiskap til jordbruket ==
Det var ikkje berre ullvaresektoren som fekk Sundt til å nemne Gjesdal som særleg vinnskipeleg. Det var også ein ganske høgt oppdriven handverksproduksjon innan smi- og trearbeid. Gjesdal var ei av bygdene i landet som var kjend for ljåsmiing. Eilert Sundt fekk seg fortalt at det årleg vart produsert 8000 ljåar i Gjesdal, og 7500 av desse vart selde, i stor mon utanfor bygda. Dei same smedane laga også slikt som hakkeknivar, tolleknivar og sakser. Hjulmakararbeid og andre former for trevareproduksjon var også geskjeftar som vart drivne for sal
Det var ikkje berre ullvaresektoren som fekk Sundt til å nemne Gjesdal som særleg vinnskipeleg. Det var også ein ganske høgt oppdriven handverksproduksjon innan smi- og trearbeid. Gjesdal var ei av bygdene i landet som var kjend for ljåsmiing. Eilert Sundt fekk seg fortalt at det årleg vart produsert 8000 ljåar i Gjesdal, og 7500 av desse vart selde, i stor mon utanfor bygda. Dei same smedane laga også slikt som hakkeknivar, tolleknivar og sakser. Hjulmakararbeid og andre former for trevareproduksjon var også geskjeftar som vart drivne for sal.

Også desse «mannfolkhandverka» danna grunnlag for utbygging av industri i Gjesdal. Ludvig Lima starta ein trevarefabrikk på Oltedal på slutten av 1870-talet. Sidan kom m.a. [[Gjesdal Ljaafabrik]], [[Lomeland Spadefabrikk]] og andre småbedrifter til. Men desse utvikla seg ikkje til storindustri, til skilnad frå t.d. i [[Klepp kommune]], der dei etter kvart fekk fabrikkane [[Kverneland]] og [[Kyllingstad]]).

Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer