Heimevernet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. des. 2010 kl. 07:49 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (tilleggskategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
HV-merket

Heimevernet (HV) er i dag ei grein av Forsvaret, etablert kort tid etter andre verdskrigen og bygd på erfaringane frå felttoget i 1940 og heimestyrkane i okkupasjonstida.

Bakgrunn og etablering

Etableringa av eit heimevern er første gong nemnt i eit offentleg dokument datert 21. mars 1942, utforma av eit utval oppnemnt av Londonregjeringa for å vurdere kva for tiltak som burde iverksettast raskt for å bygge opp att eit forsvar i Noreg etter krigen var avslutta. Utvalet meinte eit heimevern på line med det engelske Home Guard og det svenske Hemvärnet måtte bli ein av dei viktigaste elementa i det nye norske forsvaret.

To år seinare la forsvarssjefen, generalmajor Wilhelm Hansteen, fram ei utgreiing for Londonregjeringa om det same, der ideen om eit heimevern vart vidareført.

Heime i Noreg var på denne tida heimestyrkane, Milorg, under oppbygging. Tanken om eit heimevern etter krigen var ukjent blant dei fleste av desse. Med erfaringane frå felttoget og den manglande politiske viljen til å satse på forsvaret i åra før, var mange av Milorg-karane våren og sommaren 1945 i tvil om kva som no ville skje. Ein prosess mot å halde oppe Milorg som eigen forsvarsorganisasjon vart sett i gang.

Dette var både regjeringa og forsvarsleiinga i mot. Men forsvarsleiinga var òg i mot å etablere eit heimevern slik det vart. Problemstillinga for dei galdt om styrken skulle oppsettast med friviljuge mannskap eller vernepliktige. Dei fem årsklassane som hadde nådd vernepliktig alder under krigen – nærare 90.000 mann – hadde forsvarsleiinga tenkt å bruke i dei nye ordinære avdelingane som skulle organiserast.

I staden klarte den tidlegare Milorg-sjefen, no forsvarsminister Jens Christian Hauge, å få Stortinget med på at desse skulle overførast til Heimevernet. Det skjedde gjennom Stortingsmelding nr 32 (1945–46), samrøystes vedteke av Stortinget 6. desember 1946. Heimevernet reknar denne datoen som stiftingsdag. Men det vart likevel opne for at friviljuge kunne delta i HV-avdelingane på line med dei vernepliktige, og dei første åra var det mange slike i HV.

Verksemda i Heimevernet vart i 1953 regulert ved eigen lov. Etter §13 i denne kan HV-soldatar beordrast til frammøte for å «avverge eller begrense naturkatastrofer eller andre alvorlige ulykker». Det var særleg under nyttårsorkanen 1. januar 1992 og storflaumen på Austlandet i 1995 mange HV-soldatar gjorde ein betydeleg innsats med heimel i denne paragrafen.

Organisering dei første åra

HV fekk sin første sjef, generalinspektør (GIHV), i statsråd 7. september 1945 da generalmajor Hansteen vart utnemnt. På den tida var ikkje HV etablert, så Hansteen vart engasjert i planarbeid under forsvarsministeren. I juli 1946 inngjekk Noreg avtale med Storbritannia om deltaking i okkupasjonsstyrkane i Tyskland, og Hansteen vart da beordra som sjef for den nye Tysklandskommandoen.

Som ny GIHV vart Mons Haukeland beordra, og han var sentral i oppbygginga av forsvarsgreina fram til han gjekk av med pensjon i 1958.

HV fekk i samsvar med ideane frå okkupasjonstida ein territoriell organisasjon, for så vidt i gamal tradisjon frå Hæren. Landet vart inndelt i HV-distrikt, HV-kretsar (seinare avsnitt) og HV-område med faste grenser. Inndelinga har vore justert fleire gonger, men strukturen var den same fram til 2005 da avsnittsnivået vart avvikla.

Materiell og utrustning var dårleg i mange år. Øvingane skulle i utgangspunktet utførast i fritida. HV hadde få befal med formell utdanning; dei fleste vart utdanna ved interne kurs og på dei to HV-skulane som etter kvart vart oppretta og vart kalla HV-befal.

Det var ikkje berre på landjorda det var behov for slike styrkar. Alt i 1944 nemnde general Hansteen behovet for støtte til dei ordinære sjø- og luftstridskreftene. Derfor vart først Luftvernheimevernet (i 1948) og så Sjøheimevernet (i 1951) oppretta som eigne greiner av HV.

Hansteen foreslo òg at HV som opne for at ungdom over 17 år kunne melde seg som friviljuge, og det vart òg med i Heimevernsloven. Dei første åra gjekk desse ungdomane inn i dei ordinære HV-avdelingane, men frå 1959–60 vart det organisert eigne HV-ungdomsavdelingar mange stader rundt om i landet.

Ei fullverdig forsvarsgrein

1950-åra var Heimevernets «formative fase», der krigsårsklassane var dei som gjorde jobben. Men vernepliktalderen var 45 år, og mot slutten av tiåret var desse på veg mot å fullføre tida si og rekrutteringa vart eit problem.

I 1961 vedtok Stortinget at mannskap som hadde avtent førstegangsteneste utan å ha oppfylt lovens krav om 575 dagar samla verneplikt kunne overførast HV for attståande tenestetid fram til dei nådde aldersgrensa på 45 år. Mange av desse hadde god erfaring frå teneste i dei andre forsvarsgreinene og førte med seg styrking av HV-avdelingane. Frå 1964–65 fekk òg HV tilført ei større gruppe personell etter tre månaders rekruttskule.

Samstundes vart organisasjonen jamt og trutt tilført betre utstyr og våpen, m.a. med AG-3 som nytt handvåpen i åra 1969–78.

Hausten 1970 flytta GIHV med stab saman med Forsvarets Overkommando inn i det nye hovudkvarteret på Huseby i Oslo, og vart ein integrert del av den øvste leiinga i Forsvaret. Frå 1971 fekk HV-befalet løn i samsvar med grad under teneste.

Den viktigaste oppgåva for HV var i utgangspunktet – igjen ut frå erfaringane frå 1940 – å sikre ei ordna mobilisering av det ordinære forsvaret. Etter kvart vart desse utvida til også å vere budd på å nedkjempe mindre fiendtlige styrkar og å støtte feltavdelingane med oppklaring og sikring.

Etter avslutninga av den kalde krigen kring 1990 har HV i større grad hatt fokus på å sikre den sivile infrastrukturen, m.a. mot terroranslag.

Litteratur og kjelder

  • Brox, Karl H. 1996: Heimevernet 50 år 1946-1996. Cappelen
  • Kjelland, Arnfinn: Eigne erfaringar etter 36 års teneste i Heimevernet (som HV-ungdom, troppssjef, områdesjef og NK HV-avsnitt)
  • Heimevernsloven