Hemne kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. jun. 2010 kl. 19:46 av Siri J (samtale | bidrag) (tar ut linjer som oppdateres automatisk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hemne
1612 Hemne komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1612
Fylke Sør-Trøndelag
Kommunesenter Kyrksæterøra
Areal 0  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 0  km²
Folketall (2018)
Nettside Nettside

Hemne kommune er ein kommune sør i det tidligare Fosen futedømme i Sør-Trøndelag fylke. Han grensar til Snillfjord og Orkdal i aust, Rindal og Surnadal i sør, Halsa i sørvest og Aure i vest. Nord for Trondheimsleia ligg Hitra.

Hemne prestegjeld (inntil 1918 skrive Hevne) vart oppretta som eit formannsskapsdistrikt den 1. januar 1838. Annekssoknet Vinje hørte til Møre og Romsdal fylke, medan resten av prestegjeldet hørte til Sør-Trøndelag fylke. Det skulle derfor i utgangspunktet ha vorte oppretta som ein eigen kommune, sidan ein kommune ikkje kunne høre til to ulike fylke. Løysinga vart at dei flytta fylkesgrensa sørvestover til sin noverande posisjon. (For same problemet, sjå Bakke, Bindal, Birkenes, Røldal, Strømm og Åseral.)

Geografi

Høgaste fjellet er Ruten med sine 1039 meter over havet på grensa mot Rindal. Største øya er Røstøya; øya er verna som barskogsreservat. Rovatnet, som ligg rett sør for Kyrksæterøra, er største innsjøen.

Kyrkjer

Næringsliv

Kommunen har eit variert næringsliv. Den største industriarbeidsplassen er Fesil Holla Metall som produserer silisiummetall. Andre viktige næringar er landbruk, oppdrett av laksefisk, rogn- og smoltproduksjon, trevareproduksjon, transport og service med blant anna handel og hotell. Nærheita til ilandføringsstad for gass og Statoil sin metanolfabrikkTjeldbergodden i Aure kommune er ein viktig faktor for næringslivet.

Tusenårsstad

Tusenårsstaden i Hemne er Nerøra, plassen framom rådhuset på Kyrksæterøra. Namnet Nerøra blir lite bruka. Plassen er utforma som ein type torg, og kommunen har òg planta tusenårsstreet sitt her, som er ei eik.

Kjente hemnværingar

Sjå òg

Lenkjer

Mal:Sør-Trøndelag


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Hemne» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.

Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Hemne» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.