Henrik Egeberg: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 4: Linje 4:

Saman med [[Halfdan Cock-Jensen]] gjekk Egeberg i bresjen for å få skipa Småbrukarlaget i 1913. Fire år tidlegare hadde dei to i felleskap skaffa seg småbruket [[Mailand (Lørenskog)|Mailand]] i [[Lørenskog]], og dei arbeidde det opp som eit mønsterbruk for småbruksdrift og smånæringar. Fram til Cock-Jensens død i 1923 heldt dei ein mengd kurs der for småbrukarar.

Ved skipinga av Småbrukarlaget vart Egeberg vald til sekretær, som han i fyrste omgang var til 1918. I tidsrommet 1925-1933 var han leiar, og sidan igjen sekretær/generalsekretær for organisasjonen.
Egeberg og Cock-Jensen hadde alt i 1911 byrja å gje ut ''Tidsskrift for Smaabrug og Egne Hjem'' (seinare ''Bonde og småbrukar''). Egeberg var medredaktør til 1922, og deretter eineredaktør fram til sin død. Frå 1937 hadde Småbrukarlaget overteke utgjevinga av bladet, medan Egeberg heldt fram som redaktør ved sida av generalsekretærstillinga.

== Referansar ==
== Referansar ==
<references/>
<references/>

Sideversjonen fra 17. okt. 2013 kl. 19:14

Henrik Egeberg (fødd i Romedal, nå Stange kommune 19. mai 1882, død 31. august 1950) var småbrukar, redaktør og organisasjonsmann. Han er mest kjend for å ha vore med og stifta Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og for sin mangeårige innsats som sekretær, leiar og redaktør innan denne samskipnaden.

Av utdanning hadde han middelskole, handelsskole og landbruksskole. I folketeljinga 1900 finn vi han som skulelev i Elverum, på garden Fossmo.[1]

Saman med Halfdan Cock-Jensen gjekk Egeberg i bresjen for å få skipa Småbrukarlaget i 1913. Fire år tidlegare hadde dei to i felleskap skaffa seg småbruket Mailand i Lørenskog, og dei arbeidde det opp som eit mønsterbruk for småbruksdrift og smånæringar. Fram til Cock-Jensens død i 1923 heldt dei ein mengd kurs der for småbrukarar.

Ved skipinga av Småbrukarlaget vart Egeberg vald til sekretær, som han i fyrste omgang var til 1918. I tidsrommet 1925-1933 var han leiar, og sidan igjen sekretær/generalsekretær for organisasjonen.

Egeberg og Cock-Jensen hadde alt i 1911 byrja å gje ut Tidsskrift for Smaabrug og Egne Hjem (seinare Bonde og småbrukar). Egeberg var medredaktør til 1922, og deretter eineredaktør fram til sin død. Frå 1937 hadde Småbrukarlaget overteke utgjevinga av bladet, medan Egeberg heldt fram som redaktør ved sida av generalsekretærstillinga.

Referansar