Henrik Egeberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. okt. 2013 kl. 18:59 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Henrik Egeberg''' (fødd i Romedal, nå Stange kommune 19. mai 1882, død 31. august 1950) var småbrukar, redaktør og organisasjonsmann. Han er mest kjend for å ha vore...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Henrik Egeberg (fødd i Romedal, nå Stange kommune 19. mai 1882, død 31. august 1950) var småbrukar, redaktør og organisasjonsmann. Han er mest kjend for å ha vore med og stifta Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og for sin mangeårige innsats som sekretær, leiar og redaktør innan denne samskipnaden.

Av utdanning hadde han middelskole, handelsskole og landbruksskole.

Saman med Halfdan Cock-Jensen gjekk Egeberg i bresjen for å få skipa Småbrukarlaget i 1913. Fire år tidlegare hadde dei to i felleskap skaffa seg småbruket Mailand i Lørenskog, og dei arbeidde det opp som eit mønsterbruk for småbruksdrift og smånæringar. Fram til Cock-Jensens død i 1923 heldt dei ein mengd kurs der for småbrukarar.