Henrik Egeberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Henrik Egeberg (fødd i Romedal, nå Stange kommune 19. mai 1882, død 31. august 1950) var småbrukar, redaktør og organisasjonsmann. Han er mest kjend for å ha vore med og stifta Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og for sin mangeårige innsats som sekretær, leiar og redaktør innan denne samskipnaden.

Av utdanning hadde han middelskole, handelsskole og landbruksskole. I folketeljinga 1900 finn vi han som skulelev i Elverum, på garden Fossmo.[1]

Saman med Halfdan Cock-Jensen gjekk Egeberg i bresjen for å få skipa Småbrukarlaget i 1913. Fire år tidlegare hadde dei to i felleskap skaffa seg småbruket Mailand i Lørenskog, og dei arbeidde det opp som eit mønsterbruk for småbruksdrift og smånæringar. Fram til Cock-Jensens død i 1923 heldt dei ein mengd kurs der for småbrukarar.

Referansar