Herbrand Bjerkeset: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
 
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|Darbu skole (oeb-189770).jpg|Herbrand Bjerkeset og sonen Herbrand på trappa på Darbu skule, der dei budde kring 1910.|Ukjend / Eiker Arkiv}}
'''[[Herbrand Bjerkeset|Herbrand Herbrandsson Bjerkeset]]''' (fødd [[1866]] i [[Flesberg kommune|Flesberg]], død 1949) var lærar mellom anna i [[Seljord]] i 1889, seinare i [[Øvre Eiker]].
'''[[Herbrand Bjerkeset|Herbrand Herbrandsson Bjerkeset]]''' (fødd [[1866]] i [[Flesberg kommune|Flesberg]], død 1949) var lærar mellom anna i [[Seljord]] i 1889, seinare i [[Øvre Eiker]].



Nåværende revisjon fra 1. nov. 2018 kl. 09:41

Herbrand Bjerkeset og sonen Herbrand på trappa på Darbu skule, der dei budde kring 1910.
Foto: Ukjend / Eiker Arkiv

Herbrand Herbrandsson Bjerkeset (fødd 1866 i Flesberg, død 1949) var lærar mellom anna i Seljord i 1889, seinare i Øvre Eiker.

Han var son av gardbruker på Nedre Brøtøn Herbrand Olsson Bjerkeset (d. 1880) og Kjersti Sevatsdotter Bjerkeset (d. 1917).

I 1886 vart han lærar ved Alvheim folkehøgskule. Så fekk han lærarjobbar i Rollag, Seljord, Hovin og Nes i Hallingdal. I 1891 budde han på Brøtøn i Flesberg, nabobruket til farsgarden. I folketeljinga står han som son av Ambjørg Gislesdotter, men det er feil; han må ha vore leigebuar der. I 1894 vart han lærar i Øvre Eiker. Der vart han òg kyrkjesongar i Fiskum sokn.

Han gifta seg med Janna Bjerkeset (1869–1958), og dei fekk borna Herbrand (1896–1941) og Svanhild (1897–1966). I 1910 budde dei på Darbu skole i Øvre Eiker.

I 1933 tok Herbrand Bjerkeset over farsgarden etter systera Kjersti Herbrandsdotter Bjerkeset (1859–1932).

Litteratur og kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!