Hjelp:Gjenbruk av materiale på Lokalhistoriewiki

Hjelp:Gjenbruk av materiale på Lokalhistoriewiki er ein artikkel om korleis du kan bruke tekstar her i wikien, som tidlegare har vore publisert andre stader, anten på trykk eller på nett. Vi har ein tilsvarande artikkel om bruk av bilete.

Ein føresetnad for å leggje ut tidlegare publisert materiale, er at det har fri lisens, slik at wikibrukarane kan arbeide vidare med tekstane. Om du har fått løyve frå rettshavaren til å leggje ut tekstar som i utgangspunktet ikkje var frie, må du sende ei stadfesting på dette til oss på Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket.

Om du vurderer å leggje ut tidlegare publisert materiale i Lokalhistoriewiki, oppmoder vi deg til å ta kontakt med oss på NLI.

Kva slags materiale kan eigne seg for Lokalhistoriewiki?

Nasjonalbiblioteket har digitalisert alle bøker utgjevne i Noreg og lagt dei ut i Nettbiblioteket. Du kan få tilgang til dei fleste av dei frå di eiga stova. Vi ønskjer ikkje å duplisere Nettbiblioteket, men tekstar som har potensial for korrigering og utviding, kan vere interessante for Lokalhistoriewiki. Nøkterne, leksikalske artiklar eignar seg oftast best for ombruk.

Du kan få ein peikepinn om aktuelt materiale i oversikta over Delprosjekt. Om du klikkar på "Type prosjekt", sorterer du kolonna og får mellom anna fram tidlegare publisert materialet. Her er til dømes lokalhistoriske leksika med korte artiklar og bindsterke gards- og slektshistorier i reviderte utgåver. Dessutan er fleire daude eller døyande nettstader integrert i wikien.

Malar for tidlegare publisert materiale

Vi har eigne rutinar for handsaming av tidlegare publisert stoff på Lokalhistoriewiki. Viktigast er malane som syner til opphaveleg utgjeving, lisens og at artikkelen er open for vidare redigering. Malen samlar også artiklane i prosjektet.

Spesielt om artiklar frå Wikipedia

Vi brukar tilsvarande malar på stoff henta frå nettstader med fri lisens, som Wikipedia. Lokalhistoriewiki har sine eigne særtrekk. Oftast er det best å skrive artiklar frå grunnen av her, men av og til kan det vera aktuelt å overføre ein artikkel frå Wikipedia eller ein annan nettstad som bruker MediaWiki-programvaren (og med lisens som tillet gjenbruk). Den beste måten å gjera dette på å eksportere artikkelen derifrå til ei fil, og så importere denne fila hit. På den måten kan historikken av brukarbidrag og versjonar inkluderast her. Dette er ein klår fordel i forhold til lisensieringa av artikkelen.

Lokalhistoriewiki krev at du legg følgjande malar på artiklar som blir importerte frå Wikipedia:

  • {{Wikipedia|nn}}
  • {{Wikipedia|no}}

I tillegg til å lenkje til opphavleg artikkel på Wikipedia, oppmoder malane brukarane til å omarbeide han, slik at han passar inn i profilen til Lokalhistoriewiki.

Korleis gjer du?

For å eksportere ei side, går du til special:export på wikien du vil eksportere frå. Her er nokre snarvegar til eksportsider som kan vera nyttige:

I tekstboksen skal du fylle ut nøyaktig namn på artikkelen du vil eksportere. Vil du eksportere fleire artiklar, så skriv namnet på kvar artikkel på ei ny line. Hugs å avmarkere valet «Berre siste versjon». Marker «Lagre som fil» og trykk på «Eksporter».

For å importere ei side går du til Spesial:Import.