Hordaland Sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. nov. 2011 kl. 18:44 av Knut Rage (samtale | bidrag) (Ny side: '''Hordaland Sogelag''' er ein paraplyorganisasjon for dei lokale sogelaga i Hordaland. Laget vart skipa i 1986 som eit fylkeslag for Landslaget for lokalhistorie. Alle soge- og histori...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hordaland Sogelag er ein paraplyorganisasjon for dei lokale sogelaga i Hordaland. Laget vart skipa i 1986 som eit fylkeslag for Landslaget for lokalhistorie. Alle soge- og historielag i Hordaland fylke kan såleis vera medlemmer.

Ei hovudoppgåve for Hordaland Sogelag har vore å samordna arbeidet med dei årlege lokalhistoriske dagane i Hordaland. Laget har dei siste åra arrangert studieturar i vesterveg, som har gått til m.a. Shetland, Orknøyane, Isle og Man og Island.

Hordaland Sogelag starta i 2010 ein skriftserie, Segn og soge, som i 2011 er kome med eitt hefte, ei samling artiklar av historikaren Anton Espeland.

Else Marie Kind Hevrøy frå Fjell kulturminnelag har vore formann i Hordaland Sogelag sidan 2006.


Utgåande lenker

Hordaland Sogelag si heimeside [1]