Hulda Garborg: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Utbygging pågår...)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 4: Linje 4:
'''[[Hulda Garborg|Karen Hulda Garborg]]''' (fødd [[22. februar]] [[1862]] på [[Stange]], død [[5. november]] [[1934]] i [[Asker kommune|Asker]]) var forfattar, folkeopplysar og samfunnsdebattant. Ho var ein av dei viktigaste frontfigurane innan norskdomsrørsla frå 1880-åra fram til sin død, i glanstida for den kulturelle venstrenasjonalismen. Ho gav ut mellom 40 og 50 bøker, derunder mest romanar og skodespel. Mange av dei provoserte og vekte sterk debatt, spesielt dei som dreia seg om emne relaterte til feminisme og kjønnsliv. Mest kjend er ho truleg for arbeidet sitt med bunader og folkeviseleik, og ikkje minst for å ha vore ei hovuddrivkraft i skipinga av [[Det Norske Teatret]] i [[Kristiania]].

Hulda Garborg har vore kalla ein nasjonal strateg og kulturentreprenør, ein kulturnasjonalistisk ideolog og institusjonsbyggar. Effektiv og praktisk som ho var, vart ho eit stødig midtpunkt i den såkalla [[Askerkretsen]] rundt heimen til Hulda og ektemannen [[Arne Garborg]]. Askerkretsen har hatt særs sterk innverknad på kva som frå den tid av har vore sett på som særleg «norsk». Hulda Garborg personleg vart spesielt tonegjevande for det norske i klesdrakt, matvanar og andre kulturelle ovringar. Ho var også ein feministisk pioner, ikkje minst kva gjeld likestilling mellom mann og kvinne på kjønnslivets område.  
Hulda Garborg har vore kalla ein nasjonal strateg og kulturentreprenør, ein kulturnasjonalistisk ideolog og institusjonsbyggar. Ho vart spesielt tonegjevande for det norske i klesdrakt, matvanar og andre kulturelle ovringar. Ho var også ein feministisk pioner, ikkje minst kva gjeld likestilling mellom mann og kvinne på kjønnslivets område.  

== Familie og oppvekst ==
== Familie og oppvekst ==
Linje 19: Linje 19:
== Ekteskap og heim på Kolbotn 1887-1897 ==
== Ekteskap og heim på Kolbotn 1887-1897 ==
{{thumb høyre|Kolbotn, Tynset W Commons.jpg|Hulda og Arne garborgs heim Kolbotn i Tynset.|Kaitil (Wikimedia Commons).}}
{{thumb høyre|Kolbotn, Tynset W Commons.jpg|Hulda og Arne garborgs heim Kolbotn i Tynset.|Kaitil (Wikimedia Commons).}}
Hulda Bergersen og Arne Garborg fann tonen, og i 1887 blei dei borgarleg gifte. Dei flytta til huset [[Kolbotnen]] ved [[Savalen (Alvdal)|Savalen]] i Tynset kommune (på grensa mot [[Alvdal kommune|Alvdal]]), der dei fekk sonen [[Arne Olaus Fjørtoft Garborg]] året etter. Familien budde på Kolbotnen i ni år, og Hulda Garborg fortalde seinare mange historier om denne tida. Ho lærte tradisjonelt matstell av bondekvinner i grenda, og formidla dette vidare gjennom artiklar i ''[[Den 17de Mai]]''. Desse artiklane blei seinare samla i boka ''Heimestell''.
Hulda Bergersen og Arne Garborg fann tonen, og i 1887 blei dei borgarleg gifte. Dei flytta til huset [[Kolbotnen]] ved [[Savalen (Alvdal)|Savalen]] i Tynset kommune (på grensa mot [[Alvdal kommune|Alvdal]]), der dei fekk sonen [[Arne Olaus Fjørtoft Garborg]] (Tuften) året etter. Familien budde på Kolbotnen i ni år, og Hulda Garborg fortalde seinare mange historier om denne tida. Ho lærte tradisjonelt matstell av bondekvinner i grenda, og formidla dette vidare gjennom artiklar i ''[[Den 17de Mai]]''. Desse artiklane blei seinare samla i boka ''Heimestell''.

== På Labråten frå 1897. Askerkretsen ==
== På Labråten frå 1897. Askerkretsen ==
{{thumb høyre|Asker Labråten 24032015-2.jpg|Labråten på Hvalstad i Asker. Familien Garborg flytta inn her i 1897, og heimen vart sentrum for den såkalla Askerkretsen av forfattarar og andre kulturarbeidarar innan norskdomsrørsla.|Hans P. Hosar 2015.}}

I 1897 flytta paret Garborg til [[Hvalstad (Asker)|Hvalstad]] i Asker, der dei budde på [[Labråten (Asker)|Labråten]]. Vi finn paret og sonen der i folketeljingane for 1900 og 1910. Spellaget samla seg der når dei ikkje var på turné. I nokre byar blei det pipekonsertar, men stort sett blei dei godt motteke. I 1912 blei spellaget omdanna til [[Det Norske Teatret]]. Labråten var også ein samlingsstad for [[Askerkretsen]], der ein fann mellom anna [[Harriet Backer]], [[Kitty Kielland]], [[Fernanda Nissen]], [[Marta Steinsvik]], [[Tilla Valstad]], [[Sophie Werenskiold]] og [[Kitty Wentzel]].
Familien Garborg flytta frå Kolbotn i 1896, og budde eit års tid i eit leigd husvere på ein gard i [[Stokke]], Vestfold. I 1897 slo dei seg ned på [[Hvalstad (Asker)|Hvalstad]] i Asker, der dei budde i sjølveigd hus på [[Labråten (Asker)|Labråten]]. Vi finn paret og sonen der i folketeljingane for 1900 og 1910.  
 
Effektiv og praktisk som ho var, vart Hulda Garborg eit stødig midtpunkt i den såkalla [[Askerkretsen]] rundt heimen til Hulda og ektemannen [[Arne Garborg]]. Askerkretsen omfatta dei mest sentrale personane bak store norskdomstiltak som avisa ''[[Den 17de Mai]]'', ''[[Norsk barneblad]],'' Det Norske Teatret og ei lang rad omsetjingar til landsmål av dei fremste verka i verdslitteraturen: Bibelen, Homer, Goethe, Dante m.fl., og dessutan ei lang rekkje bøker frå underhaldningslitteraturen som Conan Doyle og Jules Verne. Kjernen i Asker-kretsen var personlegdomar som i kortare eller lengre tid budde saman med Garborgs på Labråten eller like i nærleiken: [[Rasmus Steinsvik|Rasmus]] og [[Marta Steinsvik]], [[Ivar Mortensson-Egnund|Ivar]] og [[Karen Mortensson-Egnund]], [[Rasmus Løland]], [[Otto Valstad|Otto]] og [[Tilla Valstad]], [[Kristoffer Uppdal]], [[Olav Nygard]] og [[Henrik Rytter]]. I ein meir ytre krets, og ikkje nødvendingsvis sterkt knytta til norskdomsstrevet, fann ein mellom andre [[Harriet Backer]], [[Kitty Kielland]], [[Fernanda Nissen]], [[Sophie Werenskiold]] og [[Gustav Wentzel|Gustav]] og [[Kitty Wentzel]].

== Forfattarskap og teaterverksemd ==
== Forfattarskap og teaterverksemd ==
Frå mannen og frå [[Amalie Skram]] fekk hos inspirasjon til å skrive skjønnlitteratur. Debutromanen ''Et frit forhold'' kom ut anonymt i [[Bergen]]; seinare romaner ga ho ut under eige namn. Ho skreiv ei stor mengd artiklar i blad og avisar som ''[[Syn og Segn]]'', ''[[Edda (tidsskrift)|Edda]]'', ''[[Samtiden]]'', ''[[Den 17de Mai]]'', ''[[Dagbladet]]'', ''[[Verdens Gang]]'' og fleire andre. Ofte fekk ho sterk kritikk frå mannlege forfattarar, ofte i usaklege ordelag. I stridane fekk ho støtte særleg frå mannen, Amalie Skram, Fernanda Nissen og Harriet Backer. Ikkje minst vart Hulda Garborg kjend for sine mange skodespel. Ho var den kvinnelege norske forfattar som fekk flest skodespel oppført i den mannsdominerte tida ho verka i. Blant dei beste skodespela reknar ein gjerne med ''Liti Kersti'' og ''Edderkoppen''.  
Frå mannen og frå [[Amalie Skram]] fekk Hulda Garborg inspirasjon og oppmuntring til å skrive skjønnlitteratur. Debutromanen ''Et frit forhold'' kom ut anonymt i [[Bergen]] i 1892; seinare romaner ga ho med få unntak ut under eige namn. Ho skreiv ei stor mengd artiklar i blad og avisar som ''[[Syn og Segn]]'', ''[[Edda (tidsskrift)|Edda]]'', ''[[Samtiden]]'', ''Den 17de Mai'', ''[[Dagbladet]]'', ''[[Verdens Gang]]'' og fleire andre. Ofte fekk ho sterk kritikk frå mannlege forfattarar, ofte i usaklege ordelag. I stridane fekk ho støtte særleg frå mannen, Amalie Skram, Fernanda Nissen og Harriet Backer. Ikkje minst vart Hulda Garborg kjend for sine mange skodespel. Ho var den kvinnelege norske forfattar som fekk flest skodespel oppført i den mannsdominerte tida ho verka i. Blant dei beste skodespela reknar ein gjerne med ''Liti Kersti'' og ''Edderkoppen''.  

Det aller meste av sin litterære produksjon skreiv Hulda Garborg på [[bokmål|. Men målsaka var alltid viktig for henne. Ho gjekk tidleg inn for å opprette eit landsmålsteater. I kjølvatnet av [[Den norske marknaden]] i 1898 i Kristiania, ei storhending for markering av landsmålskulturen, vart det skipa eit fyrste spellag for framføring av skodespel på nynorsk. Etter litt verksemd sentrert rundt Asker-kretsen, låg spellaget i dvale i mange år, før det vart gjennoppliva i 1910. [[Det Norske Spellaget]], der Hulda Garborg var både leiar, instruktør og skodespelar, gjennomførte nå fleire segnomsuste teaterturnear over det meste av landet. Dette vart den direkte forløparen til Det Norske Teateret.

Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer