Husmannsplassane i Lesja: Forskjell mellom sideversjoner

m
Teksterstatting – «under under» til «under»
m (Teksterstatting – «under under» til «under»)
 
(16 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{thumb| Murane_plassen_Svee.jpg |Murane etter husmannsplassen Svee under under [[Sør-Hole (Lesja)|Sør-Hole]] i [[Lesja]] |Arnfinn Kjelland}}
<onlyinclude>{{thumb| Murane_plassen_Svee.jpg |Murane etter husmannsplassen Svee under [[Sør-Hole (Lesja)|Sør-Hole]] i [[Lesja]]. Plassen vart rydda kring 1762 og fråflytt ca. 1790.|Arnfinn Kjelland}}
'''Husmannsplassane i Lesja''' er eit oversyn over dei buplassane som er kartlagt og plassert i denne kategorien gjennom arbeidet med [[Bygdebok for Lesja]] i åra 1981–1996.
'''Husmannsplassane i Lesja''' er eit oversyn over dei buplassane som er kartlagt og plassert i denne kategorien gjennom arbeidet med [[Bygdebok for Lesja]] i åra 1981–1996. Til saman er talet på registrerte stader der det har vore busett folk i ein periode, og som i ein del av den busette perioden må kunne kallast husmannsplass, stugu, småbruk (utan skøyte) og liknande, drygt 600.</onlyinclude>


==Framveksten==
==Framveksten==
Linje 14: Linje 14:


==Utviklinga i første halvdel av 1700-talet==
==Utviklinga i første halvdel av 1700-talet==
Etter hundreårsskiftet kjem det til nye kjelder, der den såkalla [[Leksikon:Skoskatten_1711|skoskatten]] frå 1711 og [[matrikkelforarbeidet 1723]] saman med eit «husmannsmanntal» som presten [[Niels Stockfleth]] førte frå 1723<ref>Kjelland 2004b s. 103.</ref> og kyrkjebøkene frå 1724 er dei viktigaste.
{{thumb|Nystugu1963.jpg|[[Nystugu (Lesja)|Nystugu]] var ein av tidlege husmannsplassane som vart frådelt og sjølveigarbruk før 1801. Foto 1963.|Widerøe's Flyveselskap}}
Etter hundreårsskiftet kjem det til nye kjelder, der den såkalla [[Leksikon:Skoskatten_1711|skoskatten]] frå 1711 og [[matrikkelforarbeidet 1723]] saman med eit «husmannsmanntal» som presten [[Niels Stockfleth]] førte frå 1723<ref>Kjelland 2004b s. 103.</ref> og kyrkjebøkene frå 1724 er dei viktigaste. Det fører til at det etter kvart blir lettare å registrere at plassar er busette, fordi plassnamn dukkar opp mellom anna på personar i samband kyrkjelege handlingar som altargang, fadderskap og forlovarar, i tillegg til dei ordinære (dåp, viogsel, gravlegging).
 
På dette grunnlaget ser det ut til at det i perioden fram til 1750 kom til drygt 110 nye bustadar der det budde folk som i alle fall i sosial samanheng vart rekna som husmannsfolk. Mellom desse var det til dømes tre som må ha vore gamle gardar i eiga til prestebordet: det gamle Klukkstad-bruket vart delt i to slik at det kom til ein ny, og i tillegg kom det folk på [[Prest-Rudi (Lesja)|Prest-Rudi]] og [[Hallsteins-Tande (Lesja)|Hallsteins-Tande]] - folk som i alle samanhengar (kyrkjebøkene, [[folketeljinga 1801]] vart førte som husmannsfolk. Det same gjeld ein kategori som kan kallast ''småbruk'' fordi dei vart frådelte med tingløyste skøyte på 1700-talet.<ref>Jf. Kjelland 1996.</ref> Bygdebøkene har fem slike: [[Dersyn, Bjorlie (Lesja)|Dersyn, Bjorlie]], [[Vesl-Rise (Lesja)|Vesl-Rise]], Espen under [[Nørstegard (Lesja)|Nørstegard]] (fråflytt før 1801), [[Vesl-Flitti (Lesja)|Vesl-Flitti]] og [[Nørdre Haugen, Brennjord (Lesja)|Nørdre Haugen]] under [[Brennjord (Lesja)|Brennjord]] (framleis i drift da bygdebøkene vart utgjeve).
 
I denne perioden auka drifta på jernverket monaleg, og minst 23 nye bustadar der folket var knytt til verksdrifta har sett spor etter seg i det kjeldematerialet bygdebokprosjektet har nytta. Dette var både på det som truleg var oppattrydda mellomaldergardar og nye plassar i meir tradisjonell forstand.
 
Eit påfallande trekk er at ti av dei plassane som kom til i første halvdel av 1700-talet vart permanent fråflytte att i løpet av perioden, og yttarlegare minst tjue fram til 1801, slik det er framstilt i bygdebøkene. Det tyder at mellom 25 og 30 % av alle plassane som kom til i Lesja i første halvdel av 1700-talet vart permanent nedlagde før 1801. Eit forstyrrande moment er nok at drifta på jernverket nok i praksis var avvikla i løpet av 1790-åra,<ref>Kjelland 1987 s. 524.</ref> og mange av plassane der flåflytt i 1801. Men om vi ser bort frå verksplassane vart forholdstalet om lag det same - 27 av desse plassane var permanent fråflytte før 1801.
 
Mindre påfallande er det kanskje at om lag halvparten dei etter kvart vart frådelte som sjølveigarbruk. Det er medrekna «småbruka». Men på 1900-talet er mange av dei nedlagde att.
 
==Utviklinga i andre halvdel av 1700-talet==
Utover siste halvdel av 1700-talet dukkar det opp stadig fleire plasser. Jernverket hadde ei oppgangstid framover mot 1780, i drivartida til [[Pål Holst Irgens]], og mange plassar kom sjølvsagt til i verksområdet og nordover (vestover) langs den viktigaste handelsvegen for Verket, over [[Lesjaskogsvatnet]], forbi stangjernshammaren ved Håmårfossen i [[Rauma (elv)|Rauma]] og ned til [[Romsdalsmartnan]]. Men dei fleste, over ein tredjedel, kom til sørover i hovudsoknet. Til saman er det i bygdebokprosjektet registrert nesten 150 nye plassar i denne perioden. 17 av desse vart fråflytt att før 1801, og alle desse låg i hovudsoknet, sør for Verket.
 
==Utviklinga i første halvdel av 1800-talet==
Det er så i første halvdel av 1800-talet at talet på bustadar i denne kategorien i Lesja veks raskast. Bygdeboka har registrert nokså nøyaktig 200 nye plassar i denne perioden. 30 av desse kom på Skogen vest for verksområdet, berre 11 i sjølve verksområdet og resten i hovudsoknet. Ni plassar, alle i hovudsoknet, er registrert først gong i [[folketeljinga 1801]] og rekna med i denne kategorien, sjølv om dei sannsynlegvis var rydda og busette før hundreårsskiftet.
 
Av desse plassane vart 75 frådelte og kjøpt som sjølveigarbruk, dei fleste på 1900-talet. Dei fleste er òg fråflytt att, knapt 40 av dei var busette da bygdeboka var skrive. Det samla talet på busette plassar i bygda kring 1850, gamle og nyrydda i denne perioden, ser dermed ut til å ha vore om lag 210.
 
==Utviklinga i andre halvdel av 1800-talet==
Dette har vore rekna som den perioden da husmannsvesenet kulminerte. Det stemmer nok i ikkje ubetydeleg grad for Lesja òg; minst 180 plassar vart permanent fråflytte desse tiåra. Men i same periode kom til òg til neste 130 nye plassar, rimeleg jamt fordelt over bygda. Mange av desse var småe plassar som ikkje var busette meir enn nokre år; nærare 70 var fråflytte att i perioden, og berre 22 vart frådelte som sjølveigarbruk. Ni var busette da bygdebøkene kom ut.
 
==Utviklinga på 1900-talet==
Dette er perioden da dette busetjingssystemet forsvann, også i Lesja. Men det kom faktisk til plassar som ikkje låg på sjølveigd grunn og må kunne reknast som husmannsplassar også etter hundreårsskriftet, dei fleste utan jord. Vi finn 10-12 i bygdebøkene. I tiåra etter 1900 vart nesten 160 av dei plassane som var etablerte og framleis var busette i 1900, nedlagde og fråflytta. Den siste plassen som vart skyldsett i Lesja var Vesl-Stugu på Joramoen (fekk namnet Joratun) i 1958.<ref>Kjelland 1996 s. 759.</ref>


==Referanse==
==Referanse==
Linje 23: Linje 46:
*[[Bruker:Tor Einbu|Einbu, Tor]] 2002: Husmannsfolk i Moen og på Jerkenhaugen. I ''[[Årsskrift for Lesja historielag]]'' side 18–55.
*[[Bruker:Tor Einbu|Einbu, Tor]] 2002: Husmannsfolk i Moen og på Jerkenhaugen. I ''[[Årsskrift for Lesja historielag]]'' side 18–55.
*[[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 1987, 1992, 1996: ''[[Bygdebok for Lesja]]''
*[[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 1987, 1992, 1996: ''[[Bygdebok for Lesja]]''
*[[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 1996: [http://tilsett.hivolda.no/ak/Husmann%20eller%20sm%C3%A5brukar%20kring%201801.html Husmann eller småbrukar kring 1801? Litt om eigedomsstatusen til «husmannsplassane» i Lesja i siste del av 1700-talet]. I Haarstad og Tretvik (red.) ''Bønder, jord og rettigheter. Rapport fra agrarhistorisk symposium.'' Nr. 16 i Skriftserie fra Historisk Institutt, NTNU, Trondheim side 63-77.
*[[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 2004a: [http://tilsett.hivolda.no/ak/Austnorske_husmenn.htm Dei første «moderne» husmenn i nokre aust-norske fjell- og flatbygder]. I ''[[Heimen]]'' nr. 2 side 93–100.
*[[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 2004a: [http://tilsett.hivolda.no/ak/Austnorske_husmenn.htm Dei første «moderne» husmenn i nokre aust-norske fjell- og flatbygder]. I ''[[Heimen]]'' nr. 2 side 93–100.
*[[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 2004b: [http://tilsett.hivolda.no/ak/Lesja/Eldste_husmenn_Lesja.htm Dei første «moderne» husmenn i Lesja]. I ''[[Årsskrift for Lesja historielag]]'' side 93–105.
*[[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 2004b: [http://tilsett.hivolda.no/ak/Lesja/Eldste_husmenn_Lesja.htm Dei første «moderne» husmenn i Lesja]. I ''[[Årsskrift for Lesja historielag]]'' side 93–105.
Linje 28: Linje 52:
[[Kategori: Lesja kommune]]
[[Kategori: Lesja kommune]]
[[Kategori: Husmannsplasser]]
[[Kategori: Husmannsplasser]]
[[Kategori: Husmannsvesen etter kommune|Lesja]]
[[Kategori: Husmannsvesen|Lesja]]
{{F1}}
{{nn}}
{{nn}}
Veiledere, Administratorer
164 188

redigeringer