Husmannsplassane i Lesja: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 17: Linje 17:

På dette grunnlaget ser det ut til at det i perioden fram til 1750 kom til drygt 110 nye bustadar der det budde folk som i alle fall i sosial samanheng vart rekna som husmannsfolk. Mellom desse var det til dømes tre som må ha vore gamle gardar i eiga til prestebordet: det gamle Klukkstad-bruket vart delt i to slik at det kom til ein ny, og i tillegg kom det folk på [[Prest-Rudi (Lesja)|Prest-Rudi]] og [[Hallsteins-Tande (Lesja)|Hallsteins-Tande]] - folk som i alle samanhengar (kyrkjebøkene, [[folketeljinga 1801]] vart førte som husmannsfolk. Det same gjeld ein kategori som kan kallast ''småbruk'' fordi dei vart frådelte med tingløyste skøyte på 1700-talet.<ref>Jf. Kjelland 1996.</ref> Bygdebøkene har fem slike: [[Dersyn, Bjorlie (Lesja)|Dersyn, Bjorlie]], [[Vesl-Rise (Lesja)|Vesl-Rise]], Espen under [[Nørstegard (Lesja)|Nørstegard]] (fråflytt før 1801), [[Vesl-Flitti (Lesja)|Vesl-Flitti]] og [[Nørdre Haugen, Brennjord (Lesja)|Nørdre Haugen]] under [[Brennjord (Lesja)|Brennjord]] (framleis i drift da bygdebøkene vart utgjeve).

I denne perioden auka drifta på jernverket monaleg, og minst 23 nye bustadar der folket var knytt til verksdrifta har sett spor etter seg i det kjeldematerialet bygdebokprosjektet har nytta. Dette var både på det som truleg var oppattrydda mellomaldergardar og nye plassar i meir tradisjonell forstand.
Eit påfallande trekk er at ti av dei plassane som kom til i første halvdel av 1700-talet vart permanent fråflytte att i løpet av perioden, og yttarlegare minst tjue fram til 1801, slik det er framstilt i bygdebøkene. Det tyder at mellom 25 og 30 % av alle plassane som kom til i Lesja i første halvdel av 1700-talet vart permanent nedlagde før 1801. Eit forstyrrande moment er nok at drifta på jernverket nok i praksis var avvikla i løpet av 1790-åra,<ref>Kjelland 1987 s. 524.</ref> og mange av plassane der flåflytt i 1801. Men om vi ser bort frå verksplassane vart forholdstalet om lag det same - 27 av desse plassane var permanent fråflytte før 1801.
Mindre påfallande er det kanskje at om lag halvparten dei etter kvart vart frådelte som sjølveigarbruk. Det er medrekna «småbruka». Men på 1900-talet er mange av dei nedlagde att.
==Utviklinga i andre halvdel av 1700-talet==

==Referanse==
==Referanse==
Veiledere, Administratorer, Skribenter
7 166

redigeringer