Illustrerte trykk frå Egset i Volda: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 8: Linje 8:
I vår samanheng er det illustrasjonane i trykksakene som er av interesse. Landboe-Bladet var praktisk talt utan illustrasjonar. Det galdt også for dei andre avisene i landet. Men Aarflot trong illustrasjonar til andre trykksaker han ga ut. Sivert Aarflot var ein sann folkeopplysingsmann, - godt i tråd med kulturlivet eller i Europa.  Sist på 1700-talet og vidare inn på 180-talet kom det til ei rekke magasin med variert innhald. Dei skulle vere billege, lettleste og skulle gi «opplysning, underhaldning og nyttige kunnskapar» (Etter tittelen på eit slikt magasin). Magasina skulle også nå fram til kjøparar som ikkje var så lesesterke. Derfor måtte dei vere illustrerte. Det galdt også for trykk som blei gitt ut på Egset. For sitt trykkeri på landsbygda trong Aarflot ein illustrasjonsteknikk som kunne produserast på staden. Den vanlege teknikken var klisjear i koparstikk. Dette var tungvint og ikkje minst dyrt. Dei kunne bli laga i Christiania, men helst i København. Dersom dette var einaste løysinga, ville Aarflot ikkje få gitt ut særleg mange illustrerte trykk. Men ei løysing fanst.

== Xylografi som grafisk metode ==
== Grafisk metode ==

Ca. 1750 utvikla engelskmannen Thomas Bewick ein ny grafisk metode, kalla «xylografi». Tresnitt hadde lenge vore kjent og brukt, der ein skjer i treflata. Bewick begynte å «stikke», som det blir kalla, i endeveden. Av eit hardt treslag laga han klossar av varierande storleik, etter kor stor illustrasjonen skulle vere. Med høveleg reiskap stakk han fram illustrasjonen i stokken. Teknikken vart utvikla vidare, og den som er dyktig, kunne lage trykk med fine nyansar.  
I norsk litteratur om dei illustrerte trykksakene frå Ekset har oppfatninga vore at Aarflot tok i bruk den grafiske metoden xylografi. Denne  metoden vart utvikla av engelskmannen Thomas Bewick på 1750-talet. Tresnitt, der ein skjer inn motiver i langved, hadde vore brukt i lange tider. Det nye ved Bewick sin metode var at han begynte å «stikke», som det blir kalla, motivet inn i endeved. Ved  stikke motivet i endeveden av eit hardt treslag, kunne ein få fram finare nyansar i trykket, og ein kunne lage klisjear som eigna seg betre ved trykking. Oppfatninga har altså vore at Sivert Aarflot var blitt kjend med denne metoden, og at han har klart  ta den i bruk ved sitt trykkeri.

Sivert Aarflot var godt orientert om det som hende ute i Europa. Og vidare også. Han har blitt nok slik blitt kjend med xylografi som illustrasjonsteknikk, - og bestemt seg for at dette skulle prøvast på Egset.  
Denne oppfatninga er blitt dratt i tvil i nyare kjelder. Den danske fagmannen Steffen Knak-Nielsen er sikker i si oppfatning at illustrasjonane frå Ekset ikkje kan vere xylografiar (Knak-Nielsen 2017). Dette blir støtta av fagleg ekspertise ved Nasjonalbiblioteket. Arthur Tennøe slår fast: "Det som vart nytta hos Aarflot var tresnitt-teknikken" (Tennøe 2018). Vi kan truleg slå fast at det Knak-Nkelsen kallar "en myte", nok er det.

== Ola og Sjur Humberset som xylografar ==
== Ola og Sjur Humberset som xylografar ==