Isaach Isaachsen: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 9: Linje 9:

Isaach Isaachsen og kona fekk fire born, Christiane Hedevig (kalla Nanzy), Daniel Peter Christian, Abel Marie (Rikke) og Isaach. Familien budde på Kjos, som Isaachsen hadde overteke etter faren i 1806. Dei hadde også ein bygård i Kristiansand, slik det hadde vore også i Isaachs oppvekst.

== Næringsverksemd ==
Isachsen dreiv etter måten stort som forretningsmann, skipsreiar og trelasthandlar. I tillegg dreiv han altså garden Kjos. Som faren vart Isaach Isaachsen nederlandsk konsul.
== Politikaren ==
«Jakobinar» hadde Isaach Isaachsen vore i bokstaveleg forstand, da han i ungdomen var medlem av Jakobinarklubben i Paris under den store franske revolusjonen. Det heiter seg at familien var temmeleg forskrekka over dette, og at faren fekk henta han heim med makt.
Isaachsen vart vald til [[Stortinget]] i 1818 som 3. representant for Kristiansand. Han var medlem i sju komitear der, av desse om gasjer og pensjonar, kjøpstadrett for Drøbak og om inskripsjon på Noregs krone. Som tilhøyrande den Flor-Hoelske opposisjonen var han sterkt skeptisk til den deflatoriske pengepolitikken, han var sterkt kritisk til embetsmannsstyre, og han gjekk inn for religionsfridom og kommunalt sjølvstyre. Han stod mellom anna bak eit forslag om å avskaffe amtmannsebetet.
Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer