Ivar Aars

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. apr. 2019 kl. 09:51 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Stiller som KrF sin fyrstekandidat ved kommunevalet, 87 år gammal!)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Aars har vore både KrF-politikar og lokalhistorikar. Med boka om Oppland KrF kombinerte han desse interessene.
Foto: Ingvar Skattebu (2010)

Ivar Aars (fødd 20. september 1932 i Oslo) er filolog og pensjonert skolemann. Aars vart i 1964 tilsett ved Valdres gymnas (seinare en del av Valdres vidaregåande skule) som lektor og arbeidde der til han gikk av med pensjon. Frå 1983 var han undervisningsinspektør. Han har òg vore engasjert i politisk arbeid (KrF), speidarrørsla og lokalhistorie i Valdres-bygdene. Aars er busett på Leira i Nord-Aurdal. Han har sidan 1963 vore gift med Ingrid Ødegaard frå Aurdal.

Aars er son av Jonatan Aars (1896-1983) og Lajla f. Klem (1900-92). Han er cand.philol. med norsk språkleg hovudfag, historie bifag og kristendomskunnskap mellomfag. Vegleiar i hovudfagsarbeidet var valdrisen Olav T. Beito.

Ivar Aars var speidarleiar frå 1952 (Ullern, seinare Nord-Aurdal), i 10 år medlem av lokalstyret i Norges KFUM-speidere.

Han har vore lokal- og fylkespolitikar i KrF, mellom anna som formann i Nord-Aurdal KrF 1972-92, representant i Nord-Aurdal kommunestyre frå 1984, i hovudutvalet for kultur frå 1976, fylkesformann i Oppland KrF 1980-86, medlem av Oppland fylkesskulestyre 1976-91 og Oppland fylkesting 1982-83. Han var medlem av Programrådet for Opplandsradioen frå 1999. Ved kommunevalet i 2019 stiller den 87 år gamle Aars som KrF sin fyrstekandidat i Nord-Aurdal.

Aars har elles verka som lokalhistorikar, ikkje minst som redaktør for Årbok for Valdres frå 1975 og leiar for Valdres Bygdebok frå 1980. Aars har i mange år stått bak ein lokalhistorisk kalender for Valdres. Aars har vore med i Nye Valdresbanen og A/S Valdresbanen frå starten i 1989, til 2000 som leiar i foreining eller aksjeselskap.

Den ivrige målmannen Aars var formann i Nord-Aurdal mållag i tidsrommet 1966-73.

Bibliografi (utval)

  • Patruljeliv. Introduksjonsstoff til 1.graden, 1963.
  • Dativ i Valdresmål : um verb som styrer dativ, Valdres historielag 1971.
  • Kulturliv i Nord-Aurdal, 1977.
  • Aurdalskyrkja : frå Lund sokn til Valdres prosti, Aurdal menighetsråd 1987.
  • Tingneskyrkja, 1997.
  • Heimsyn. Valdres folkehøgskule 1899-1999. Hundreårsskrift, Folkehøgskolen 1999.
  • Hundre år på sporet : Gjøvikbanen, Røykenvikbanen, Skreiabanen, Valdresbanen, Nye Valdresbanen 2002.
  • I hundre : Valdresbanens historie, Valdresbanen 2006.
  • Tisleidalen kyrkje, Tisleidalen sokneråd 2008.
  • Von og venskap : Oppland kristeleg folkeparti 1939-2009, 2010. (Sidene 74-77 handlar om hans eigen innsats i fylkespartiet.]

Kjelder og litteratur


05 Oppland vapen.png Ivar Aars er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.