Jærhus: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
m (kat)
Ingen redigeringsforklaring
 
(7 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
[[Image:Garborgheimen.JPG|thumb|300px|Jærhus på [[Garborg]] i [[Time kommune]]. Barndomsheimen til forfattaren [[Arne Garborg]]. Foto: Gunleiv Hadland]]
[[Image:Garborgheimen.JPG|thumb|300px|Jærhus på [[Garborg]] i [[Time kommune]]. Barndomsheimen til forfattaren [[Arne Garborg]]. Foto: Gunleiv Hadland]]
'''Jærhus''' er ein type [[hus]] som er rekna som typisk for [[Jæren]] i [[Rogaland fylke]]. Hustypen vart mykje bruka fram mot byrjinga på [[1900-talet]]. Etter kvart vart hustypen rekna som gamaldags, og mange slike hus vart rivne for å gje rom for meir moderne typar. Det finst truleg berre noko over 100 jærhus att. Få av desse er frå tida før [[1800]], og få er tekne vare på i opphavleg stil.
'''Jærhus''' er ein type hus som er rekna som typisk for [[Jæren]] i [[Rogaland fylke]]. Hustypen vart mykje bruka fram mot byrjinga på [[1900-talet]]. Etter kvart vart hustypen rekna som gamaldags, og mange slike hus vart rivne for å gje rom for meir moderne typar. Det finst truleg berre noko over 100 jærhus att. Få av desse er frå tida før [[1800]], og få er tekne vare på i opphavleg stil.


Husa vart bygde der landskapet kunne gje ly for [[vind]]en. Husa vart helst plasserte slik at vinden frå nordvest trefte [[gavle]]n, der skutar av stein tok av for det verste. Ein skut er eit utbygg på kvar side av huset. Ein skut har gjerne skråtak og kunne verta nytta som lagringsplass for [[torv]] [[vinter]]stid. Slik fekk ein ekstra isolering mot naturkreftene. Sjølve huset er gjerne bygd av [[tre]], men med delar kledd med [[stein]]. [[Bordkleding]]a er gjerne liggjande [[panel]], såkalla [[vestlandspanel]]. Slik var det lettare å skifta ut trebord som lett rotna nede ved bakken i det våte [[klima]]et. I eldre tider vart gjerne bordkledinga [[tjøre]]breidd.  Seinare tok ein til å måla med [[brun]] eller mørkeraud [[husmåling]]. Frå kring 1830 vart husa [[kvit]]måla. Kvitmåling var dyrt, slik at mange måla berre fasaden. Taket vart tekt med [[halm]] eller [[gras]], og seinare gjerne [[tegl]] eller [[skifer]]. Dei fleste jærhusa er korte og låge, med ein og ein halv etasje i høgda. I tillegg til skutar har eit typisk jærhus [[sâltak]], inngangsdør med [[bislag]] i tillegg til bakdør nokolunde midt på huset. Det er gjerne to [[vindauge]] på kvar side av inngangsdøra.
Husa vart bygde der landskapet kunne gje ly for vinden. Husa vart helst plasserte slik at vinden frå nordvest trefte [[gavle]]n, der skutar av stein tok av for det verste. Ein skut er eit utbygg på kvar side av huset. Ein skut har gjerne skråtak og kunne verta nytta som lagringsplass for [[torv]] [[vinter]]stid. Slik fekk ein ekstra isolering mot naturkreftene. Sjølve huset er gjerne bygd av [[tre]], men med delar kledd med [[stein]]. [[Bordkleding]]a er gjerne liggjande [[panel]], såkalla [[vestlandspanel]]. Slik var det lettare å skifta ut trebord som lett rotna nede ved bakken i det våte [[klima]]et. I eldre tider vart gjerne bordkledinga [[tjøre]]breidd.  Seinare tok ein til å måla med [[brun]] eller mørkeraud [[husmåling]]. Frå kring 1830 vart husa [[kvit]]måla. Kvitmåling var dyrt, slik at mange måla berre fasaden. Taket vart tekt med [[halm]] eller [[gras]], og seinare gjerne [[tegl]] eller [[skifer]]. Dei fleste jærhusa er korte og låge, med ein og ein halv etasje i høgda. I tillegg til skutar har eit typisk jærhus [[sâltak]], inngangsdør med [[bislag]] i tillegg til bakdør nokolunde midt på huset. Det er gjerne to [[vindauge]] på kvar side av inngangsdøra.


Omgrepet jærhus vart fyrst nytta av samfunnsforskaren [[Eilert Sundt]] i [[1862]].  
Omgrepet jærhus vart fyrst nytta av samfunnsforskaren [[Eilert Sundt]] i [[1862]].  
Linje 19: Linje 19:


[[kategori:Jæren]]
[[kategori:Jæren]]
[[kategori:Bygninger etter type]]
[[kategori:Rogaland fylke]]
[[Kategori:Byggeskikk|{{PAGENAME}}]]
{{nn}}