Jønnbrød: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(korr.)
 
(8 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb|Avlettjern 013.jpg|Innsida av eit typisk avlettjønn frå [[Skjåk kommune|Skjåk]]. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk for avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid.|Hans P. Hosar}}
<onlyinclude>{{thumb|Avlettjern 013.jpg|Innsida av eit typisk avlettjønn frå [[Skjåk kommune|Skjåk]]. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk for avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid.|Hans P. Hosar}}
'''[[Jønnbrød]]''' eller '''avlettor''', òg kalla '''tynnbakels''' nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av [[vatn]], [[fløyte]]/[[rømme]] og [[mjøl]] og blir i våre dagar ofte steikte i [[krumkakejarn]] &mdash; eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i [[gorojarn]]</onlyinclude><ref>På Røros kan detta førekomma i følgje munnleg opplysning (15.1.2009) frå Bjørn Austigard ved [[Romsdalsmuseet]]. Fire andre heimelsfolk frå [[Ålen]] og [[Røros]], inkludert Randi Borgos ved [[Rørosmuseet]] (15.1.2009) kjenner ikkje til nokon eigen jønnbrødtradisjon i området.</ref><onlyinclude>. </onlyinclude> Namnet ''jønnbrød'' blir bruka i [[Nord-Østerdalen]] (''jønnbrø, jarnbrø'') og [[Särna]] (''jönnbrö''), på [[Land]], i [[Valdres]] (''jødnbrø''), på [[Oppdal]] og i [[Orkdalen]] frå Berkåk og Rennebu nedover til [[Meldalen]], der dei helst blir kalla ''jønnbrød''. Jønnbrød blir dei kalla i [[Sunndalen]] og [[Øksendalen]] og på [[Ålvundeid]] òg.<ref>Munnlege opplysningar (15.1.2009) frå [[Tor Erik Jenstad]].</ref> Namnet jønnbrød er òg bruka i dei østerdalske nybyggjarbygdene i [[Bardu kommune|Bardu]]<ref>[http://www.bardu.kommune.no/klart-for-joennbroed-kaaring.4526975-1198.html «Klart for jønnbrød-kåring»] på nettsidene til [[Bardu kommune]].</ref> og [[Målselv kommune|Målselv]]<ref>Opplysning på telefon frå [http://www.mhusflid.no/default.asp?iId=JDGLH Husfliden Målselv] 15.1.2009.</ref> kommunar i [[Troms]], der jønnbrødtradisjonen forøvrig står så sterkt at Bardu kommune til og med har ei utlånsordning for jønnbrødjønn.<ref>[http://www.bardu.kommune.no/joennbroedjoenn-til-utlaan-i-bardu-kommune.4531052-1198.html «Jønnbrødjønn til utlån i Bardu kommune»] på nettsidene til Bardu kommune</ref> Bardu kommune har óg pressa eit jønnbrødjønn med kommunevåpenet som motiv i for å feire kommunen sitt 150-års jubileum i 2005.<ref>[http://www.bardu.kommune.no/joennbroed-jern.284330-1198.html "Jønnbrødjern" på kommunens nettsider.]</ref> Namnet ''tynnbakels'' blir ein del bruka i indre deler av [[Romsdal]]en. Namnet ''avletto'', som kjem av det [[kristendom|kyrkjelege]] ordet ''[[oblat]]'', blir hovudsakleg bruka i [[Gudbrandsdalen]], og dessutan i [[Folldalen]], som tidlegare høyrde til Gudbrandsdalen. Det blir òg bruka i [[Eikesdalen]], der fleirtalsforma er ''avlette'' i nyare dialekt.<ref>Munnleg opplysning (15.1.2009) frå Bjørn Austigard ved Romsdalsmuseet.</ref> Andre namn som blir bruka i Nord-Østerdalen inkluderer ''stekbrød'' og ''godbrød''.<ref name="Spangen"/>
'''[[Jønnbrød]]''' eller '''avlettor''', òg kalla '''tynnbakels''' nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, [[fløte|fløyte]]/[[rømme]] og [[mjøl]] og blir i våre dagar ofte steikte i [[krumkakejarn]] &mdash; eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i [[gorojarn]]</onlyinclude><ref>På Røros kan detta førekomma i følgje munnleg opplysning (15.1.2009) frå Bjørn Austigard ved [[Romsdalsmuseet]]. Fire andre heimelsfolk frå [[Ålen]] og [[Røros]], inkludert Randi Borgos ved [[Rørosmuseet]] (15.1.2009) kjenner ikkje til nokon eigen jønnbrødtradisjon i området.</ref><onlyinclude>. </onlyinclude> Namnet ''jønnbrød'' blir bruka i [[Nord-Østerdalen]] (''jønnbrø, jarnbrø'') og [[Särna]] (''jönnbrö''), på [[Land]], i [[Valdres]] (''jødnbrø''), på [[Oppdal]] og i [[Orkdalen]] frå Berkåk og Rennebu nedover til [[Meldalen]], der dei helst blir kalla ''jønnbrød''. Jønnbrød blir dei kalla i [[Sunndalen (Nordmøre)|Sunndalen]] og [[Øksendalen]] og på [[Ålvundeidet]] òg.<ref>Munnlege opplysningar (15.1.2009) frå [[Tor Erik Jenstad]].</ref> Namnet jønnbrød er òg bruka i dei østerdalske nybyggjarbygdene i [[Bardu kommune|Bardu]]<ref>[http://www.bardu.kommune.no/klart-for-joennbroed-kaaring.4526975-1198.html «Klart for jønnbrød-kåring»] på nettsidene til [[Bardu kommune]].</ref> og [[Målselv kommune|Målselv]]<ref>Opplysning på telefon frå [http://www.mhusflid.no/default.asp?iId=JDGLH Husfliden Målselv] 15.1.2009.</ref> kommunar i [[Troms]], der jønnbrødtradisjonen forøvrig står så sterkt at Bardu kommune til og med har ei utlånsordning for jønnbrødjønn.<ref>[http://www.bardu.kommune.no/joennbroedjoenn-til-utlaan-i-bardu-kommune.4531052-1198.html «Jønnbrødjønn til utlån i Bardu kommune»] på nettsidene til Bardu kommune</ref> Bardu kommune pressa òg eit jønnbrødjønn med kommunevåpenet som motiv i for å feire kommunen sitt 150-årsjubileum i 2005.<ref>[http://www.bardu.kommune.no/joennbroed-jern.284330-1198.html "Jønnbrødjern" på kommunens nettsider.]</ref> Namnet ''tynnbakels'' blir ein del bruka i indre deler av [[Romsdal]]en. Namnet ''avletto'', som kjem av det [[kristendom|kyrkjelege]] ordet ''[[oblat]]'', blir hovudsakleg bruka i [[Gudbrandsdalen]], og dessutan i [[Folldalen]], som tidlegare høyrde til Gudbrandsdalen. Det blir òg bruka i [[Eikesdalen]], der fleirtalsforma er ''avlette'' i nyare dialekt.<ref>Munnleg opplysning (15.1.2009) frå Bjørn Austigard ved Romsdalsmuseet.</ref> Andre namn som blir bruka i Nord-Østerdalen inkluderer ''stekbrød'' og ''godbrød''.<ref name="Spangen"/>


== Jarnet ==
== Jarnet ==
Linje 25: Linje 25:


Bland alle ingrediensane og lat røra stå i minst ein time. Steik dei lysgule i [[jønnbrødjarn]] eller [[krumkakejarn]] på svak varme (ca 3(&ndash;4) min. på kvar side med kokeplata på 160 watt). Jønnbrøda skal ikkje krummast, men stablast flate. Dei held seg i ein lukka kakeboks i mange veker.
Bland alle ingrediensane og lat røra stå i minst ein time. Steik dei lysgule i [[jønnbrødjarn]] eller [[krumkakejarn]] på svak varme (ca 3(&ndash;4) min. på kvar side med kokeplata på 160 watt). Jønnbrøda skal ikkje krummast, men stablast flate. Dei held seg i ein lukka kakeboks i mange veker.
==Galleri==
<gallery>
Fil:Avlettjern 008 crop.jpg|Jønn frå Søre Prestgarden i Skjåk. {{byline|Hans Hosar|2009}}
Fil:Avlettjern 007.jpg|Jønn frå Søre Prestgarden i Skjåk. {{byline|Hans Hosar|2009}}
Fil:Avlettjern 005 crop.jpg|Jønn frå Søre Prestgarden i Skjåk. {{byline|Hans Hosar|2009}}
Fil:Avlettjern 010.jpg|Jønn frå Søre Prestgarden i Skjåk. {{byline|Hans Hosar|2009}}
</gallery>


== Fotnotar ==
== Fotnotar ==
Linje 35: Linje 44:


{{F2}}
{{F2}}
[[Kategori:Mat]]
 
[[kategori:rørebakst]]
[[kategori:rørebakst]]
[[Kategori:Matoppskrifter]]
[[kategori:Gudbrandsdalen]]
[[kategori:Gudbrandsdalen]]
[[kategori:Nord-Østerdalen]]
[[kategori:Nord-Østerdalen]]
Linje 45: Linje 55:
[[kategori:Sunndal kommune]]
[[kategori:Sunndal kommune]]
[[kategori:Oppdal kommune]]
[[kategori:Oppdal kommune]]
{{ikke koord}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 2. jun. 2023 kl. 12:07

Innsida av eit typisk avlettjønn frå Skjåk. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk for avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid.
Foto: Hans P. Hosar

Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikte i krumkakejarn — eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i gorojarn[1]. Namnet jønnbrød blir bruka i Nord-Østerdalen (jønnbrø, jarnbrø) og Särna (jönnbrö), på Land, i Valdres (jødnbrø), på Oppdal og i Orkdalen frå Berkåk og Rennebu nedover til Meldalen, der dei helst blir kalla jønnbrød. Jønnbrød blir dei kalla i Sunndalen og Øksendalen og på Ålvundeidet òg.[2] Namnet jønnbrød er òg bruka i dei østerdalske nybyggjarbygdene i Bardu[3] og Målselv[4] kommunar i Troms, der jønnbrødtradisjonen forøvrig står så sterkt at Bardu kommune til og med har ei utlånsordning for jønnbrødjønn.[5] Bardu kommune pressa òg eit jønnbrødjønn med kommunevåpenet som motiv i for å feire kommunen sitt 150-årsjubileum i 2005.[6] Namnet tynnbakels blir ein del bruka i indre deler av Romsdalen. Namnet avletto, som kjem av det kyrkjelege ordet oblat, blir hovudsakleg bruka i Gudbrandsdalen, og dessutan i Folldalen, som tidlegare høyrde til Gudbrandsdalen. Det blir òg bruka i Eikesdalen, der fleirtalsforma er avlette i nyare dialekt.[7] Andre namn som blir bruka i Nord-Østerdalen inkluderer stekbrød og godbrød.[8]

Jarnet

Gammaldags avlettjønn med langt skaft. Denne typen vart bruka i grua.
Foto: Hans P. Hosar

I tidlegare tider vart jønnbrøda steikte i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast svært lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller vaffeljarn utvendig.

Eitt av dei riktig gamle avlettjønna kjem frå Beitrusten i Folldalen. Detta jønnet, som er datert 1645, har ein kentaur som hovudmotiv på eine sida og innskrifta “IOHANES SVIENDSØN PAA BLESSEMB HAUVER GIORT DETTE TAFLEGIERN” kring kanten.[8] Eldre jønnbrødjønn har elles ofte kristne motiv. Ein undertype av dei er aposteljarn, som har ein sirkel av tolv apostelbilde kring det sentrale motivet på eine sida. Eit slikt jarn datert 1793 frå StøenTynset har ei løve som sentralmotiv på apostelsida med innskrifta “DEN STERKE LØVE AF IUDA HAR TAGET SATAN TIL FANGE” som sentralmotiv på apostelsida. Den andre sida har bladornamentikk kring eit sentralt likearma kors på andre sida, og kring kanten der står det: “NILS OLS SEN OG GIERTTRUD RAS MUS DATTER G”.[8] Innskrifta kring kanten av baksida varierer elles mellom olike jarn.

Nyare type avlettjønn med kort skaft. Denne typen kom med jarnkomfyren.
Foto: Hans P. Hosar

Det geometriske mønsteret innvendig er karakteristisk for dei fleste jønnbrødjønna frå nyare tider, men det går godt an å steikje jønnbrød i vanlege krumkakejarn eller gorojarn (for noko tjukkare jønnbrød) om ein ikkje har jønnbrødjønn.

Oppskrift

Ingrediensar:

3   dl  kremfløyte og/eller rømme
1   dl  vatn
1   ts  salt el. sukker
3,5 dl  byggmjøl eller sammale kveitemjøl

Oppskrifta varierer ein del i detaljane kring i landet. I Målselv er det for eksempel vanleg å ha i litt anis.[9]

Framgangsmåte:

Bland alle ingrediensane og lat røra stå i minst ein time. Steik dei lysgule i jønnbrødjarn eller krumkakejarn på svak varme (ca 3(–4) min. på kvar side med kokeplata på 160 watt). Jønnbrøda skal ikkje krummast, men stablast flate. Dei held seg i ein lukka kakeboks i mange veker.

Galleri

Fotnotar

I våre dagar blir jønnbrød ofte steikte i krumkakejarn
  1. På Røros kan detta førekomma i følgje munnleg opplysning (15.1.2009) frå Bjørn Austigard ved Romsdalsmuseet. Fire andre heimelsfolk frå Ålen og Røros, inkludert Randi Borgos ved Rørosmuseet (15.1.2009) kjenner ikkje til nokon eigen jønnbrødtradisjon i området.
  2. Munnlege opplysningar (15.1.2009) frå Tor Erik Jenstad.
  3. «Klart for jønnbrød-kåring» på nettsidene til Bardu kommune.
  4. Opplysning på telefon frå Husfliden Målselv 15.1.2009.
  5. «Jønnbrødjønn til utlån i Bardu kommune» på nettsidene til Bardu kommune
  6. "Jønnbrødjern" på kommunens nettsider.
  7. Munnleg opplysning (15.1.2009) frå Bjørn Austigard ved Romsdalsmuseet.
  8. 8,0 8,1 8,2 Spangen, Amund: «Jønnbrød, stekbrød, godbrød, avletto — kjært barn har mange navn» i Årbok for Nord-Østerdalen, 1992. ISSN 0333-3140
  9. Side 43 av Målselvmat : tradisjoner og oppskrifter. 2. opplag. Målselv : Målselv kommune, 1997.

Lenkjer