Jørgen Gersdorf Jørgensen

Sideversjon per 24. mai 2014 kl. 22:33 av Oddloho (samtale | bidrag) (kat)

Jørgen Gersdorf Jørgensen (fødd 20. juni 1850 i Bergen, ukj. dødsår) var fabrikkeigar i Vadheim i Sogn og Fjordane i 1890-åra.

Foreldra var målarmeister Bernt Julius Jørgensen (f. 1821) frå Bergen og Sigrid Jørgensen Gjermo (f. 1828) frå Voss. Jørgen Jørgensen drog truleg til Liverpool alt i 16-årsalderen og hadde i 1875 opphalde seg der i ni år.

Han gifte seg før 1884 med den 13 år yngre Ingeborg Margrethe (Inga) Christensen (fødd 14. september 1863). Foreldra hennar var handelsmann Andreas Johan Kristensen (f. 1842) og Cathrine Eleonora Christensen (1844), båe frå Bergen. Jørgensen er i 1884 oppført som "handelsfuldmegtig", 1885 som "Contorist" og i 1890 som "Assurancebestyrer" i Bergen.

Våren 1894 kjøpte han sjoddifabrikken i Vadheim i Kyrkjebø kommune i Sogn og Fjordane. Han kjøpte òg fallrettar i Dyrneslielva som gav driftsvatn til fabrikken og bygde kring 1895 det andre elektrisitetsverket i Sogn og Fjordane. Det gav lys til fabrikken. I den lokalhistoriske litteraturen har J. Jørgensen gått for å vere dansk, men det stemmer ikkje. Sjoddifabrikken var før hundreårsskiftet ei av dei største industriverksemdene i det industrifattige Sogn og Fjordane.

Jørgensen overdrog alt 1.1.1901 fabrikken og fallrettane til den engelske kjemikaren Edgar Ashcroft. Kjøpekontraktane vart utferda og tinglyste i juni 1903, og Ashcroft etablerte her i 1906 Vadheim electrochemiske fabriker som produserte natriummetall. Dei fyrste åra etter at Ashcroft kom i kontakt med Jørgensen kring hundreårsskiftet har Jørgensen truleg hjelpt Ashcroft med etableringa.

I 1910 budde Jørgensen med kona og dei to yngste borna på Vossevangen i Hordaland. Det er uvisst kva han seinare gjorde og kor lenge han levde. Han må ikkje forvekslast med frisøren Jøgen Gersdorf Jørgensen (fødd 1855 i Bergen).

Jørgen og Ingeborg Margrethe Jørgensen fekk desse borna:

  • Arthur Gersdorf Jørgensen (fødd 18.6.1884, død 2.2.1885 i Bergen)
  • Katarine Eleonore Jørgensen (fødd 21.11.1885 i Bergen)
  • Sigurd Gersdorf Jørgensen (fødd 15.9.1887 i Bergen, død 17.1.1910 i Bergen)
  • Gerda Margrethe Jørgensen (fødd 7.6.1890 i Bergen)
  • Dagny Jørgensen (fødd 7.8.1894 i Kyrkjebø)

Kjelder