Jøssingfjorden

Sjå Jøssingfjord for informasjon om grenda i Sokndal

Jøssingfjorden er ein omkring 2,5 km lang fjord i Sokndal kommune i Rogaland. Fjorden er særleg kjend for Altmarksaken i 1940, då eit tysk skip vart borda av britiske styrker som fritok krigsfangar. Under okkupasjonen vart jøssing eit kallenamn på nordmenn som var lojale mot konge og regjering. Det er ein fjord med bratte veggar, som ender opp i ei steinur.

Jøssingfjorden i 2005.
Foto: Gunleiv Hadland

Fjorden er utskipingshamn for titanmalm frå Titania AS' gruver og renseanlegg.

Litteratur og kjelder