Jacob Hoel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jacob Hoel (fødd i Ringsaker 7. august 1775, død same stad 30. juli 1847) var offiser, gardbrukar og stortingsmann. Han er mest kjend som leiar for den fyrste bondeopposisjonen på Stortinget 1818-1822, og var bror til bondeføraren Halvor Hoel. Jacob Hoel dreiv stort jordbruk på garden sin HovinsholmHelgøya, og han var ein foregangsmann kva gjeld nye avlingar og metodar i jordbruket.

Bakgrunn og familie

Hoel var fødd og oppvaksen på HolNes (nå Ringsaker kommune) på Hedmarken. Foreldra var gardbrukarparet Nils Halvorsen Hoel (1733–80) og Anne Jacobsdatter By frå Vardal (1739–1818). Sosialt er det truleg meir presist å kalle familien ein proprietærfamilie framfor ein storbondefamilie. Det gjeld iallfall for Jacob Hoel sjølv, som var offiser og såleis kondisjonert, og som kjøpte fleire store jordbrukseigedomar som han dreiv saman med Hovinsholm.

Jacob Hoel gifta seg i Christiania 2. november 1804 med Anne Marie Tollesen (16. juli 1784–7. mai 1859), dotter av fargarmeister Tolle Tollesen og Pernille Andresen, som dreiv verksemda si i Christiania. Tolle Tollesen var frå Nakskov i Danmark, medan kona Pernille kom frå Hol. Ho var dotter i andre ekteskap til enkja etter Jacob Hoels farfar.

Militær

Jacob Hoel kom som ung mann til København, der han byrja i militærteneste og var korporal i den danske hær frå 1793. Han gjennomgjekk gymnastikkskole og veterinærutdanning der, før han vende heim att til Noreg i 1798. Da vart han tilsett som fekte- og ridelærar ved Det norske militære institutt i Christiania (Krigsskolen). Han vart utnemnd kornett (fenrik) a la suite (utanfor ektiv teneste) ved Opplandske nasjonale dragonregiment i 1799. Han kom i aktiv teneste som sekondløytnant ved Søndre Totenske kompani i det same regimentet i 1803, året etter forflytta til Nordre Totenske kompani. Frå 1808-1810 var han vede Biri og Vardalske kompani, og igjen ved Søndre Totenske som premierløytnant 1811. Frå 1813 styrte han eit militærdepot som var oppretta på Hovinsholm, som premierløytnant a la suite. Han søkte og fekk avskil som offiser i 1818, da han følte seg forbigått til ei høgare stilling.