Jan-Magnus Bruheim: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Mellomlagring)
(Mellomlagring)
Linje 4: Linje 4:
Jan-Magnus Bruheim var son av [[Mathias Bruheim]] (1882-1967) og Torø Jonsdotter Lund (1880-1929). Jan-Magnus var nummer fire i ein søskenflokk på i alt seks, tre gutar og tre jenter, fødde i tidsrommet 1908-1920.  

Foreldra åtte og dreiv garden Larskvea i Lundagrenda i Skjåk. Larskvea var etter dei heilt lokale forholda eit mellomstort bruk på ca. 40 dekar dyrka mark og med seks kyr. Halvparten av arealet hadde faren Mathias dyrka sjølv etter at han kjøpte bruket ca. år 1900. Lundagrenda bestod elles av tre-fire større gardar, der brukarane sokna til Bondelaget, omkransa av ei rekkje småbruk, der eigarane var organisert i småbrukarlaget. Småbruka var mest tidlegare husmannsplassar, men også bureisingsbruk frå 1920- og 1930-åra og nokre eldre sjølveigarbruk. Larskvea tilhøyrde den siste kategorien.  
Foreldra åtte og dreiv garden Larskvea i Lundagrenda i Skjåk. Larskvea var etter dei heilt lokale forholda eit mellomstort bruk på ca. 40 dekar dyrka mark og med seks kyr. Halvparten av arealet hadde faren Mathias dyrka sjølv etter at han kjøpte bruket ca. år 1900. Lundagrenda bestod elles av tre-fire større gardar, der brukarane sokna til Bondelaget, omkransa av ei rekkje [[småbruk]], der eigarane var organisert i småbrukarlaget. Småbruka var mest tidlegare husmannsplassar, men også bureisingsbruk frå 1920- og 1930-åra og nokre eldre sjølveigarbruk. Larskvea tilhøyrde den siste kategorien.  

To av syskena til Jan-Magnus  var blant dei som tok til på bureisingsbruk i Lundagrenda (Hans, fødd 1908, rydda Lunde, Maria, fødd 1911, var i Asplund). Ei tredje syster byrja saman med mannen bureisingsbruk i Billingsdalen (Matilde, fødd 1920, på bruket Heggli). Alma (1916-) bygde saman med mannen Peder opp heimen/småbruket Høgvoll utskilt frå Larskvea. Erling (fødd 1909) slo seg også ned med familien i ein heim rett ved. Det gjeld også Jan-Magnus sjølv, som det meste av livet budde fyrst på heiumegarden, sidan i sin eigen heim på gardens grunn. Med unntak av den yngste systera som flytta til Billingsdalen, vart altså heile syskenflokken buande i same grenda.

== Kulturell og ideologisk ballast frå heimen ==
Familien i Larskvea såg på seg sjølv som ein småbrukarfamilie. Faren Mathias Bruheim var ivrig organisasjonsmann med stort engasjement i småbrukarrørsla, i fråhaldsarbeid og i kristeleg foreiningsliv på lokalt og regionalt plan. Han hadde gått underoffisersskule og var sanitetssersjant. Han var elles mykje nytta som rekneskapsførar og revisor, og han var eit skrivande menneske mellom anna som lokal korrespondent for [[Gudbrandsdølen]] og med lokalhistorisk produksjon. Han var kristelegkonservativ, sterkt påverka av sin avhaldne lærar [[Ole Lund]].
Mor til Jan-Magnus døydde da han var 14 år gammal. Vi kjenner ikkje spesielt til hennar engasjement og haldningar i kultur og samfunnsliv, men ho var musikalsk og hadde stor forteljarevne.
Jan-Magnus sjølv og syskena var i barndomen og ungdomen medlemmer i fråhaldslosjer og ivrige deltakarar i den frilynde ungdomsrørsla. Dei markerte seg ikkje politisk, med unntak av eldstebroren Hans, som vart lokalpolitikar for Arbeidarpartiet. Det var eit lite avvik i familien, som iallfall i følgje systera Alma ideologisk sett helst var for venstrefolk å rekne. Ho omtalar også faren som venstremann.
== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
*Ættebok for Skjåk, bd II. Skjåk historielag 1969. Side 203-204.

Sideversjonen fra 25. des. 2012 kl. 05:53

Jan-Magnus Bruheim (fødd i Skjåk 15. februar 1914, død same stad 10. august 1988) var forfattar, fyrst og fremst lyrikar, men også med innslag av prosa i sin litterære produksjon. Han gav ut 18 diktsamlingar, og er også kjend for ei sine barnebøker med dikt, rim og regler og forteljingar på vers og i prosa. Bruheim var ein populær opplesar, i kringkastinga (mellom anna i Ønskediktet), i skular, lag og foreiningar mange stader i landet. Bruheim verka også som folkeskulelærar i ein periode. Han var samfunnsengasjert, mellom anna i freds- og antiatomvåpenarbeid og i motstand mot skulesentraliseringa.

Familien, garden og grenda

Jan-Magnus Bruheim var son av Mathias Bruheim (1882-1967) og Torø Jonsdotter Lund (1880-1929). Jan-Magnus var nummer fire i ein søskenflokk på i alt seks, tre gutar og tre jenter, fødde i tidsrommet 1908-1920.

Foreldra åtte og dreiv garden Larskvea i Lundagrenda i Skjåk. Larskvea var etter dei heilt lokale forholda eit mellomstort bruk på ca. 40 dekar dyrka mark og med seks kyr. Halvparten av arealet hadde faren Mathias dyrka sjølv etter at han kjøpte bruket ca. år 1900. Lundagrenda bestod elles av tre-fire større gardar, der brukarane sokna til Bondelaget, omkransa av ei rekkje småbruk, der eigarane var organisert i småbrukarlaget. Småbruka var mest tidlegare husmannsplassar, men også bureisingsbruk frå 1920- og 1930-åra og nokre eldre sjølveigarbruk. Larskvea tilhøyrde den siste kategorien.

To av syskena til Jan-Magnus var blant dei som tok til på bureisingsbruk i Lundagrenda (Hans, fødd 1908, rydda Lunde, Maria, fødd 1911, var i Asplund). Ei tredje syster byrja saman med mannen bureisingsbruk i Billingsdalen (Matilde, fødd 1920, på bruket Heggli). Alma (1916-) bygde saman med mannen Peder opp heimen/småbruket Høgvoll utskilt frå Larskvea. Erling (fødd 1909) slo seg også ned med familien i ein heim rett ved. Det gjeld også Jan-Magnus sjølv, som det meste av livet budde fyrst på heiumegarden, sidan i sin eigen heim på gardens grunn. Med unntak av den yngste systera som flytta til Billingsdalen, vart altså heile syskenflokken buande i same grenda.

Kulturell og ideologisk ballast frå heimen

Familien i Larskvea såg på seg sjølv som ein småbrukarfamilie. Faren Mathias Bruheim var ivrig organisasjonsmann med stort engasjement i småbrukarrørsla, i fråhaldsarbeid og i kristeleg foreiningsliv på lokalt og regionalt plan. Han hadde gått underoffisersskule og var sanitetssersjant. Han var elles mykje nytta som rekneskapsførar og revisor, og han var eit skrivande menneske mellom anna som lokal korrespondent for Gudbrandsdølen og med lokalhistorisk produksjon. Han var kristelegkonservativ, sterkt påverka av sin avhaldne lærar Ole Lund.

Mor til Jan-Magnus døydde da han var 14 år gammal. Vi kjenner ikkje spesielt til hennar engasjement og haldningar i kultur og samfunnsliv, men ho var musikalsk og hadde stor forteljarevne.

Jan-Magnus sjølv og syskena var i barndomen og ungdomen medlemmer i fråhaldslosjer og ivrige deltakarar i den frilynde ungdomsrørsla. Dei markerte seg ikkje politisk, med unntak av eldstebroren Hans, som vart lokalpolitikar for Arbeidarpartiet. Det var eit lite avvik i familien, som iallfall i følgje systera Alma ideologisk sett helst var for venstrefolk å rekne. Ho omtalar også faren som venstremann.

Kjelder og litteratur

  • Ættebok for Skjåk, bd II. Skjåk historielag 1969. Side 203-204.