Jens Kraft: Forskjell mellom sideversjoner

1 721 byte lagt til ,  6. sep. 2022
Utbygging
(Litteraturtilføyingar)
(Utbygging)
Linje 15: Linje 15:


== Utdanning og embetskarriere ==
== Utdanning og embetskarriere ==
Den fyrste skulegangen fekk Jens Kraft i heimen. Frå tiårsalderen vart han undervist i latinskulepensum av magister [[Salomon Gjør]], rektor ved [[Kristiansand katedralskole|Kristiansand katedralskule]]. Det gjorde at Jens  kunne gå rett inn i avgangsklassen på katedralskulen. Han vart dimittert til universitetet som 14-åring, og avla [[examen artium]] i København i april 1800. Deretter tilbringa han 7–8 år som student der. Han las frå fyrst av teologi, men gjekk etter eit par år over til juss, og las mange andre fag ved sida av, derunder statistikk, moderne språk (engelsk m.m.), historie og litteraturhistorie.
Han tok juridisk embetseksamen i 1808, og dro attende til heimbyen Kristiansand. Her fekk han oppdrag som tolk og translatør i [[Leksikon:Priseretten|Priseretten]].
Si fyrste tilsetjing i embetsapparatet fekk han i 1814, som fullmektig i [[Indredepartementet]] (4. departement), som frå 1. januar 1819 vart slått saman med [[Finansdepartementet]]. Frå 1822 var han byråsjef i [[Revisjonsdepartmentet]], og i Finansdepartementet frå 1823. I 1828 vart han ekspedisjonssekretær (øvste embetsmann i departementet) i Revisjonsdepartementet. Så i 1832 vart Kraft utnemnd til sorenskrivar i Mandal, eit embete han hadde til din død.
== Bibliografisk arbeid ==
== Bibliografisk arbeid ==
Under sitt mangeårige studietid i København fekk Kraft tid til mange intellektuelle syslar i tillegg til sitt eige fagstudium. Mellom anna samla han biografiske og litteraturhistoriske opplysningar, og tok utskrifter av mykje topografisk-statistisk litteratur om Noreg. Det litteraturhistoriske arbeidet var tenkt som ei komplettering av [[Jens Worm|Jens Worms]] ''Lexicon over danske, norske og islandske lærde Mænd'' (København 1771–1784).
== Topografisk-statistisk forfattarskap ==
== Topografisk-statistisk forfattarskap ==


Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer