Jens Kraft

Sideversjon per 7. sep. 2022 kl. 07:03 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Utbygging)
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Jens Edvard Kraft (fødd i Kristiansand 22. desember 1784, død i Mandal 21. juli 1853) var jurist og embetsmann. Dei siste tjue åra av sitt liv var han sorenskrivar i Mandal. Mest kjend er han som litteraturhistorisk bibliograf og topografisk-statistisk forfattar, med storverket Topographisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge (Norges Beskrivelse) som eit ruvande høgdepunkt.

Jens Kraft. Litografi 1842. Kunstner ukjent.

Bakgrunn og familie

Jens Kraft si familiehistorie gjev elles eit historisk interessant innblikk i sosialt samkvem, inklusive ekteskapsinngåingar, mellom bondestand, embetsstand og kjøpmannsborgarskap.

Foreldra var skipsreiar og kjøpmann i Kristiansand Even Kraft (1745–1814) og hans andre kone Marie Hielm (1744–1820). Ho kom frå ein kjøpmannsfamilie i Stavanger. Jens Kraft hadde ein bror, skipsreiar, kjøpmann og stortingsmann Jonas Kraft (1780–1830). Gjennomgådde kjelder nemner ikkje farens fyrste ektefelle ved namn, og ikkje eventuelle halvsøsken frå faren sitt fyrste ekteskap.

Jens Kraft gifta seg i 1817 med Henriette Rosenkilde (1783–1858), dotter av kjøpmann i Stavanger Børre Rosenkilde og hustru Anne Wilhelmine Nyrop.

Faren Even Kraft var fødd i Ringebu i Gudbrandsdalen, son av sersjant Jens Gulsrud og hustru Margrethe Eilertsen (1710–1788). Jens Gulsrud var etter alt å dømme ein yngre son frå garden Gulsrud i Modum.[1] Han vart underoffiser i Gudbrandsdalen, og budde på Trøståkermoen, som var ein av fleire husmannsplassar under Trøståker i Ringebu hovudsokn. Kona Margrethe var dotter til løytnant Ole Eilertsen (bondegut?) og hustru Abigael Kraft. Abigael tilhøyrde ei slekt av offiserar og prestar, som i følgje Ivar Kleiven inkluderte ein sokneprest og tre kapteinar som budde i Ringebu innan tidsrommet 1713–1827, og som «[med di] vart så innlivd millom bygdafolk og i bondekultur, at døm kain reknast for hælvt innfødd Ringbyggjinge'.»[2]

Even Kraft valde altså slektsnamnet sitt frå morssida av familien. Han skal ha vorte oppfostra hjå ein onkel, Caspar Petersen, som var prest i Tveit (nå Kristiansand kommune).[3] Dette kan i så fall gjere sitt til å forklare kvifor underoffiserssonen frå Gudbrandsdalen hamna i Kristiansand og slo seg opp som kjøpmann og skipsreiar der.

Utdanning og embetskarriere

Den fyrste skulegangen fekk Jens Kraft i heimen. Frå tiårsalderen vart han undervist i latinskulepensum av magister Salomon Gjør, rektor ved Kristiansand katedralskule. Det gjorde at Jens kunne gå rett inn i avgangsklassen på katedralskulen. Han vart dimittert til universitetet som 14-åring, og avla examen artium i København i april 1800. Deretter tilbringa han 7–8 år som student der. Han las frå fyrst av teologi, men gjekk etter eit par år over til juss, og las mange andre fag ved sida av, derunder statistikk, moderne språk (engelsk m.m.), historie og litteraturhistorie.

Han tok juridisk embetseksamen i 1808, og dro attende til heimbyen Kristiansand. Her fekk han oppdrag som tolk og translatør i Priseretten. Si fyrste tilsetjing i embetsapparatet fekk han i 1814, som fullmektig i Indredepartementet (4. departement), som frå 1. januar 1819 vart slått saman med Finansdepartementet. Frå 1822 var han byråsjef i Revisjonsdepartmentet, og i Finansdepartementet frå 1823. I 1828 vart han ekspedisjonssekretær (øvste embetsmann i departementet) i Revisjonsdepartementet. Så i 1832 vart Kraft utnemnd til sorenskrivar i Mandal, eit embete han hadde til sin død.

Bibliografisk og litteraturhistorisk arbeid

Under sitt mangeårige studietid i København fekk Kraft tid til mange intellektuelle syslar i tillegg til sitt eige fagstudium. Mellom anna samla han biografiske og litteraturhistoriske opplysningar, og ikkje minst tok han utskrifter av mykje topografisk-statistisk litteratur om Noreg (sjå nedanfor). Det litteraturhistoriske arbeidet var tenkt som ei komplettering av Jens Worms Lexicon over danske, norske og islandske lærde Mænd (København 1771–1784). I staden kom materialet til nytte i eit nytt litteraturhistorisk leksikon som kom ut i tidsrommet 1818–1820, Almindeligt Litteraturlexicon for Danmark, Norge og Island, ved Jens Kraft og Rasmus Nyerup.

Kraft byrja mange år seinare på eit tilsvarande oppslagsverk spesielt for Noreg for tida etter 1814. Det vart utgjeve etter at han døydde, ved Christian C.A. Lange, men med Kraft som hovudforfattar: Norsk Forfatter-Lexicon 1814–1856. Det inngjekk seinare i J.B.Halvorsens Norsk Forfatterlexicon 1814–1880.

Topografisk-statistisk forfattarskap

 
Faksimile frå oppslagsside Norges Beskrivelse (1842)

Si sterke interesse for Noregs geografi, næringsliv og generelle tilstand hadde Kraft dyrka allereie i København-åra sine. Som departementsmann fekk han høve til å halde fram med dette i organiserte former. Heilt frå fyrst av, frå 1814, arbeidde han systematisk med det som skulle bli hovudverket hans, Norges Beskrivelse. Det kom ut i seks band 1820–1835, med ajourførte utgåver 1838–1842. Verket var utgjeve for hans private rekning og risiko, men i god samforstand med departementa. I tidsrommet 1845–1848 publiserte han ei oppsummering av Norges-beskrivelsen i Historisk-topographisk Haandbog over Kongeriget Norge.

Som forfattar av Norges Beskrivelse, og ved sitt arbeid i Indre-, Finans- og Revisjonsdepartementa vart Kraft ein sentral person i oppbygginga av norsk offentleg statistikk. Truleg var han sterkt medverkande til at amtmennene i 1827 vart pålagde å rapportere om amtets økonomiske stilling kvart femte år. Frå 1839 vart desse beretningane sterkt utvida og standardiserte. Departementet overlet til Kraft å utarbeide Beretning om Kongeriget Norges oeconomiske Tilstand i Aarene 1836–1840. Han fekk tenestefri frå sorenskrivarembetet for å gjennomføre dette offiselle oppdraget.

I 1828 hadde Kraft gjeve ut eit hefte til ei planlagd landsomfattande handbok for prestar som søkte kall, Statistiske Efterretninger om Norske Præstekald, med utgreiingar om kalla og oversyn over dei økonomiske vilkåra for presteembeta der. Det vart med det eine heftet som dekte Akershus stift.

Til den topografisk-statistiske verksemda kan også reknast Krafts innsats i bladet Budstikken, der han i tidsrommet 1817–1826 dels var medutgjevar, dels redaksjonsmedlem. Den «2. rekke» av Budstikken innheldt mest nettopp stoff innan dette emneområdet.

Anna publiseringsverksemd

Fagleg ettermæle. Heider og ære

Referansar

  1. Slektshistoriewiki, oppslag «Kraft (slekt)»
  2. Kleiven, I. 1928:262.
  3. Lindstøl, T. 1914. Oppslag «Kraft, Jonas» s. 506. Jf. kyrkjeboka for Ringebu 1752: Barnedåp for Jens Gulsruds barn Lisbeth. Der er Caspar Petersen fadder. Caspar Frederik Petersen var prest i Tveit frå 1751 til sin død i 1778. Sjå Dalan, S. 1947:72.

Kjelder og litteratur