Johan Skrindsrud

Sideversjon per 25. jul. 2012 kl. 11:02 av Kallrustad (samtale | bidrag) (1900-tellinga)
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Johan Skrindsrud (fødd 23. november 1897, død 19. mai 1961) var gardbrukar og lærar. Skrindsrud arbeidde ved Bergsbakken skule i Nord-Etnedal frå 1922 til han døydde. Utanom skulearbeidet var Skrindsrud aktiv i kommunepolitikken i Etnedal, som medlem av Arbeidarpartiet. Han vart i 1934 vald i herredsstyret som partiets einaste representant frå Nord-Etnedal sokn.

Gravminnet til lærar Johan Skrindsrud på Bruflat kyrkjegard
Foto: Dag Gurihus (2006)

Johan Skrindsrud skreiv dessutan mange stykke om kulturhistorie i avisa Valdres, Valdres Bygdebok og Tidsskrift for Valdres Historielag. Under andre verdenskrigen var Skrindsrud aktiv i motstandsrørsla i Etnedal og ein av dei som vart sende til Grini fangeleir.

Bakgrunn og familie

Han var son av gardbrukar Anders Jonsson (1853-1928) og Synnøve Skrindsrud (1854-1939). Johan vart gift med Marit, fødd Solbrekken (1905-76). I 1918 kjøpte dei garden Røyslund ved Steinsetfjorden, bnr. 6 under matrikkelgarden Skrindsrud. Røyslund er det øvste gardsbruket i Etnedal og ligg like ved kommunegrensa mot Nord-Etnedal. Seinare kjøpte Skrindsrud-familien til meir areal, og dei satsa på både mjølkeproduksjon og pensjonatdrift. Dei hadde fire døtrer: Synnøve, Oddrun, Marta og Jorun Margot.

Kjelder og litteratur