Veiledere, Administratorer
9 032
redigeringer
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 15: | Linje 15: | ||
John Moses og kona fekk fem born, alle fødde i Kristiansund. Ekteskapet vart oppløyst i 1820. Han skal seinare ha gifta seg igjen i England, men sikre opplysningar om dette vantar. | John Moses og kona fekk fem born, alle fødde i Kristiansund. Ekteskapet vart oppløyst i 1820. Han skal seinare ha gifta seg igjen i England, men sikre opplysningar om dette vantar. | ||
== Jødisk herkomst? == | |||
Familienamnet Moses og bruk av Isaach og Samuel som førenamn i slekta har gjort at ein har knytta familien til ein jødisk bakgrunn. [[Oskar Mendelsohn]] tek opp dette i ein fotnote til ''Jødenes historie i Norge'' <ref>Mendelsohn, O. 1987:31</ref>), og konkluderer med at ingen sikre opplysningar ligg føre om dette. Historikaren [[Arne Odd Johnsen]] skriv derimot i ''Kristiansunds historie'' at det i byen i Moses’ samtid vart «antydet» at familien var jødisk, og Johnsen reknar sjølv med at dette var sannsynleg. Mot dette kan seiast at det iallfall gjev lita meining å kategorisere John Moses som jøde i noko rimeleg tyding av ordet, bortsett frå at det kan ha vore folk av jødisk tru bakover i slekta, kanskje såkalla [[portugisarjødar]] i England eller andre stader. I alle høve var mor til John Moses etnisk norsk, han gifta eg sjølv med ei ikkje-jødisk kvinne, og familien sokna til den norske statskyrkja. Eine sonen vart prest og prost i [[Øvre Telemark prosti]].<ref>Schmidt, O. 1934:335</ref> John vart rett nok seint konfirmert, noko som hadde samanheng med at han budde England i den aktuelle alderen. I samband med farskapssaka vart det nødvendig å ordne opp i dette, og tjueåringen vart på diskret vis konfirmert av presten på Grip, eit fiskevær som forresten var i familien Moses’ eige. | |||
Spørsmålet om den jødiske herkomsten er ikkje av særleg interesse i seg sjølv, men kan vere talande for den tydinga eit slikt spørsmål kan ha hatt i vurderinga av familien generelt og John Moses spesielt, i samtid og ettertid. Da [[Wilhelm Frimann Koren Christie|Wilhelm F.K. Christie]] på Eidsvoll den 4. mai 1814 fremja grunnlovsforslag om utestenging av jødar, må situasjonen i følgje A.O.Johnsen ha vore «pikant».<ref>Johnsen, A.O. 1958:746</ref> Dei to var båe kjøpmannssøner frå Kristiansund og kjende kvarandre heilt sikkert personleg på førehand. Moses røysta mot framlegget. | |||
Og det er unekteleg slik at i artikkelen om Moses i ''Norsk biografisk leksikon'' (1940) blir John Moses tillagd eigenskapar – positive og/eller negative – som samsvara godt med antisemittiske klisjear i tida. Moses blir til dømes skildra som «noget kosmoplitisk innstilt», «ikke besjelet av en tillistfull patriotisme» og «M.s holdning på Eidsvoll [var] vesentlig diktert av forretningsinteresser». Han var ein eminent forretningsmann som ikkje minst «hadde det som fisken i vannet under licenstidens innviklede handelsforhold». Artikkelen er skriven av A.O.Johnsen, men i denne artikkelen er vel å merke ikkje det jødiske eksplisitt nemnt. | |||
== Forretningsmannen == | |||
== Eidsvoll 1814 == | |||
== Referansar == | |||
<references/> | |||
== Kjelder og litteratur == |