Jostedalsrypa

Jostedalsrypa er ei segn om ei jente som var den einaste overlevande i Jostedalen etter Svartedauden. Det er den mest kjende norske segna om Svartedauden, men liknande motiv går att i ei rad segner både frå andre delar av Noreg og andre land.

Somme versjonar av segna hevdar at stormannsfamiliar i Sogn flykta opp i Jostedalen for å kome unna pesten. Bygdefolket prøvde å isolere seg fullstendig, og brev ut og inn av bygda vart lagde under ein stein, Brevsteinen. Pesten kom likevel til dalen, og alle unnateke den vesle jenta døydde. I somme versjonar vert ho heimfesta til garden Bjørkehaugen i Mjølvergrendi.

Då buskapen frå Jostedalen kom til ei grannebygd, ante folket der uråd, og dei drog til Jostedalen for å undersøkje tilhøva. Det varierer med versjonane om folket kom over Jostedalsbreen frå Nordfjord, frå Skjåk i Gudbrandsdalen eller frå fjordbygdene i Luster. Dei fanga den ville jenta og tok ho med seg.

I somme versjonar enda ho hjå storfolk i Danmark, i andre versjonar på Røneid i Luster eller i Jostedalen, og ho skal ha vorte stammor til dei gjevaste jostedalsættene. For Jostedalen er segna såleis òg ein viktig opphavsmyte. Alt i ei tysk geografibok av Johann Hübner frå 1695 vert folk av ”rjupeslekt” i Jostedalen omtala. Heiberg-ætta frå Sogn hevdar i slektshistoriske arbeid at dei ættar frå Jostedalsrypa.

Den eldste versjonen av segna er attgjeven av Jonas Ramus i 1715. Det finst ei rekkje versjonar frå 17- og 1800-talet. Det store offentlege gjennombrotet for Jostedalsrypa kom då segna vart teken med i Norske sagn av Andreas Faye (1833/1844), og ikkje minst i norske lesebøker frå slutten av 1800-talet. Versjonen som Olav Sande gjev att i Segner fraa Sogn (1892), har vorte den mest kjende.

Henrik Ibsen byrja i 1850 å skrive på eit ufullført skodespel med tittelen Rypen i Justedal, og ein finn att noko av motivet i Olaf Liljekrans (1856). Johan Storm Wang (1844), Jon Flatabø (1899) og Kirsten Thesen (1984) er andre forfattarar som har handsama Jostedalsrypa litterært.

Anja Breien fekk gjennombrotet sitt i 1967 med kortfilmen Vokse opp. Rypa fra Justedal, og Breien skreiv òg manuset til spelefilmen om Jostedalsrypa, Trollsyn (1994), regissert av Ola Solum.

Kjelder