Just Knud Qvigstad

Læraren, filologen, folkloristen og sameforskaren Just Knud Qvigstad

Just Knud Qvigstad (fødd 4. april 1853 i Lyngen, død 15. mars 1957 i Tromsø) var rektor ved lærarhøgskolen i Tromsø, filolog, folklorist og forskar på samiske språk. Han var dessutan høgrepolitikar og statsråd for Kirkedepartementet. Enda meir oppsiktsvekkjande enn kor gammal han vart – han dødde knapt tre veker før 104-årsdagen sin – er det uvanlig langvarige og innhaldsrike yrkeslivet hans. Den første vitskaplige publikasjonen hans kom ut i 1881, og den siste, om samiske kjærligheitsforteljingar, vart trykt 72 år seinare, i 1953!

Virke

Just Knud Qvigstad vart fødd på Lyngseidet, og var son av distriktslege Engebret Qvigstad (1814–1869) og Edel Petrine Krogh Wadel (1828–1905). Farfaren var juristen Knud Qvigstad (1785-1842), som mellom anna var fut på Nedre Romerike. Han tok examen artium som 16-åring ved Tromsø Latinskole og vart immatrikulert til filologiske studium ved Det Kongelige Frederiks Universitet i Kristiania i 1869. Han tok to embetseksamenar. Først vart han cand.philol. i språk og historie i 1874, så cand.teol. i 1881. Samtidig som han studerte teologi var han lærar ved real- og latinskolar i Kristiania og Tromsø frå 1874 til 1878, og frå 1878 var han lærar i samisk ved Tromsø Seminarium.

Forskinga hans Just Knud Qvigstad byrja med ein studietur til Kautokeino i 1878, men det vitskaplige engasjementet låg nede ei stund på grunn av skolearbeid og politikk. I 1883 vart han bestyrar for lærarseminaret. Tittelen vart endra til overlærar da seminaret vart omdøypt til Tromsø Lærerskole i 1902. Qvigstad hadde fleire kommunale verv og skjøtta fleire offentlige oppgåver. Han virka blant anna som bystyremedlem for Høgre i 1899–1907 og var ordførar i Tromsø kommune i 1899, 1903 og 1907. I perioden 1910–12 fungerte han som kirkje- og undervisningsminister i Wollert Konows regjering.

I 1920 vart Qvigstad statsstipendiat, med full løn som fristilt rektor frå lærarskulen for å vie seg til studium av samisk kultur og historie, og for å fortsette den lingvistiske forskninga si innafor finsk, kvensk og samisk. Arbeidet med ord og uttrykk resulterte i større tekstsamlingar òg. Mykje av dette stoffet fikk han tilsendt frå eit nettverk av lærarkontaktar i dei nordligaste fylka. Desse lærarane sendte inn segner og svara på spørjelister om folkemedisin og folketru. Ein av de flittige informantane hans Qvigstad som har fått spesiell oppmerksamheit for dei verdifulle samlingane sine var lærar Ole Andreas Thomassen i Porsanger.

Som styrar for Den samiske avdelinga ved Tromsø Museum (fram til 1931), lyktest det for Qvigstad å få samla inn over 2300 forteljingar, medan boksamlinga vart oppbygd til eit verdifullt bibliotek på rundt 2000 band.

Da Instituttet for sammenlignende kulturforskning vart oppretta, hadde Qvigstad ansvaret for det samiske fagfeltet. Dessutan var han styremedlem i Det norske samemisjonsselskapet. Ved Tromsø Museum satt han i styret frå 1884 til 1934. I 1943 vart Qvigstads gullmedalje innstifta. Han blir delt ut kvart femte år for fortjenstfulle bidrag til lappeforskinga. Elles vart han innvelt i Videnskapsakademiet i Kristiania i 1888 og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondhjem i 1894. Han fekk Gunnerusmedaljen i 1930.

I samband med 150-årsjubiléet for J. Qvigstad i 2003 vart Qvigstad-auditoriet ved Høgskolen i Tromsø oppkalla etter honom.

Utvelde verk

 
Tittelbladet til De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker (1938).
  • Beiträge zur Vergleichung des verwandten Wortvorrathes der lappischen und der finnischen Sprache. Druckerei der Finnischen Litteratur-Gesellschaft. Acta Societatis Scientiarum Fennicae 12, 1881.
  • (Saman med G. Sandberg): Lappiske Eventyr og Folkesagn. Med Indledning af Moltke Moe. Kristiania 1887.
  • Lappische Sprachproben / aufgezeichnet von J. Qvigstad und G. Sandberg. Helsingissä : Suomalaisen Kirjallisuuden Seuran kirjapainossa, Suomalais-ugrilaisen Seuran Aikakauskirja 3. 1888
  • Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania Videnskabs-Selskabs forhandlinger, 1893.
  • Lappischer Aberglaube. Etnografisk Museum. Kristiania 1920.
  • Norske Gaardsnavne, Finnmark. Bind 24. Kristiania 1924.
  • Lappische Märchen- und Sagenvarianten. FF Communications N:o 60. Helsinki 1925.
  • Lappiske eventyr og sagn I-IV. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Oslo 1927-29.
  • Lappische Heilkunde. Oslo 1932.
  • De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker, Instituttet for sammenlignende kulturforskning. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard). Oslo 1938.
  • De lappiske appellative stedsnavn. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard). Oslo 1944.

Litteratur om Just Knud Qvigstad

  • Festskrift til Rektor J. Qvigstad. Oslo 1928.
  • Kristian Nissen: Studia Septentrionalia V. Oslo 1953.
  • Asbjørn Nesheim: J.K. Qvigstad (1853-1957) (s. 323-338). Dag Strömbäck (red): Leading Folklorists of the North. Universitetsforlaget. Oslo 1971.

Lenkjer

Eksterne lenker


  Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Just Knud Qvigstad» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.


  På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.