Kåsabakken

Sideversjon per 5. mai 2018 kl. 20:54 av Rool (samtale | bidrag) (Lagt til tekst.)

Kåsabakken i Bø i Telemark går sørover frå Livegen ved Bø camping.

Kåsabakken med garden Kåsa.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen har namn etter Kåsa, som er nr. 22 og 24 i vegen. Dette var tidlegare ein husmannsplass under Framistugu Eika, og blei da kalla Hestekåsa.
Innleggen er eit anna småbruk i Kåsabakken og har nr. 18 og 20. Dette var også husmannsplass under Framistugu Eika.
Forutan desse to småbruka består busetnaden av seks einebustader.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.44416° N 9.06653° Ø