Kari Nyrnes (d. 1623)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. mai 2018 kl. 05:00 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: Kari Nyrnes''' var ei kvinne i Lom som vart dømd for trolldomsutøving og brend på bålet i 1623 eller 1624. Det vi veit om henne, er berre det som framgå...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kari Nyrnes var ei kvinne i Lom som vart dømd for trolldomsutøving og brend på bålet i 1623 eller 1624. Det vi veit om henne, er berre det som framgår av ein utgiftspost i futerekneskapen for Gudbrandsdalen for rekneskapsåret 1623-1624. Gardsnamnet Nyrnes som etternamn peikar mot at ho budde på denne garden. Ho kan for den saks skuld ha vore gardkona der, men det er sjølvsagt uvisst.

Saka kom opp to år etter at ei anna kvinne frå prestegjeldet, Marit Trulsdotter frå Skjåk, hadde vorte dømd og avretta for tilsvarande brotsverk. Dette er dei to hekseprosessane som er dokumenterte i Lom og Skjåk. Nærleiken i tid kan tyde på at det har vore eit tidstypisk tilløp til hysteri som har funne stad i desse to grannebygdene på den tida.

Futen utbetalte fem riksdalar til skarprettaren i Oslo for utført oppdrag i kvar av desse sakene.