Karine Tremyr

Karine Tremyr (fødd 1854, død 1941) var frå Drangedal. Ho var dotter til Tor Tremyr og Ingeborg Blomstadlia og voks opp på bruket Tremyr i Homleidgrenda.

Hausten 1887 reiste ho til Danmark for å gå på Askov folkehøgskule. Ho var på Askov i to år, siste året som guvernante for borna til styraren.

Etter opphaldet på Askov gjekk ho på eit fire månaders sommarkurs hos læraren Knut Mæland på klokkargarden Saltevje i Flåbygd. Kurset tok sikte på å utdanne lærarinner til småskulen. Karine hadde truleg ikkje anna lærarutdanning enn "Mælandskulen" før ho tok til å undervise.

I mange år var ho lærarinne ved Borge skule i Gjerpen. Ho var oppglødd for folkehøgskulen og landsmålet og elles kjent for å vera ei myndig og bestemt dame. Ho var ugift.

Kjelder og litteratur

Simen Sydtveit: artikkel i Det var ein gong – Minner frå Drangedal 1989.