Kilegrend Handelslag

Sideversjon per 23. aug. 2017 kl. 12:47 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0769 1.jpg|Kilegrend Handelslag før 1950.|Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949.}}...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Kilegrend Handelslag blei stifta i 1918. Forretninga låg i Kilegrend i Fyresdal kommune.

Kilegrend Handelslag før 1950.
Foto: Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Historikk

Kilegrend Handelslag blei stifta av Ketil Kiland, Ketil Sundsli, Jon Kiland, Tjostolv Kiland og Jørund Valebjørg i 1918. Tjøstolv Sognedal var tilsett som den fyrste bestyraren i forretninga. Det to etasjes forretningsbygget var opphavleg tiltenkt som hotell, men slik verksemd vart det ikkje noko av. Det var istaden handelslaget som flytta inn. Her vart det omsett vanlege assorterte landhandelvarer. I 1944 var omsettinga på 54 000 kr.[1]

 
Kilegrend Handelslag i 1966.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 766.