Kjeldearkiv:Evanger i de sidste hundrede aar (Nils Mugaas 1925)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jan. 2020 kl. 11:11 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Voss kommune» til «[[Kategori:Voss herad»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Evanger i de sidste hundrede aar (Nils Mugaas 1925). Ordføraren og skolemannen Nils Mugaas skreiv i 1925 ei skildring av heimbygda Evanger. Denne vart trykt i Vossingen, organ for Vosselaget, hefte 19-20, Madison, Wisconsin, 1925, side 13.


Evanger i de sidste hundrede aar

Af ordfører N. Mugaas ———— Til Vosselaget i Madison, Wis., U. S. A.


Av eit brev til Evanger ungdomslag av 20de april i aar ser eg, at Vosselaget i Madison ynskjer ei melding fraa Evanger um framgonga i Evanger i Noreg i det seiste hundradaaret, og at Vosselaget helst vil ha denne meldingi til minnefesten, som vert halden no i juni maanad komande.

Eg er sterkt uppteken med mange ting; men likevel skal eg prøva ei utsyn yver utviklingi innan Evanger i den umhandla tidi.

Som ein vil hugsa, var Voss, Vossastrandi og Evanger eit herad og eit prestegjeld like til i 1870 aari, daa Vossastrandi vart fraaskild, og til 1885, daa Evanger vart utskillt som eige herad. Fyrst i 1892 vart Evanger eige prestegjeld med eigen sokneprest og eige skulestyre.

Solenge Evanger var saman med Voss, stod den kommunale utviklingi nærast i stampe innan Evanger. Det ein helst kann peika paa fraa den tidi er den gamle postvegen millom Voss og Evanger, som vart bygd um til køyreveg for hjulreidskap i 1840 til 50 aari, men med mange tunge bakkar — slike som Haugebakken og Sandbakken ved Evanger, Gjeitlekleivi ved garden Gjeitle i Evanger, Eidebakkane og Flagestigen, Brændebakkane og Bulkebakken m.fl. innan Voss. Dette vegarbeidet var nærast eit statstiltak som ein lekk i den store postlina millan Oslo og Bergen yver Filefjell. Samstundes fekk Evanger ein postvegstubbe millom Evangervatnet og Bolstadfjorden paa nordsida av elvi.

So lyt ein nemna Vossebana, som vart ferdig i 1883. Denne bana er det gildaste minnet, Evanger hev fraa det kommunale hopehavet med Voss. Baae soknar var saman um aa reida ut distriksbidraget til bana.

I 1860 aari, medan provst Smitt var sokneprest paa Voss, vart der byggt mange skulestovor i Vangssokni. Evanger fekk og tvo, ei paa Rongo i Bolstadkrinsen og ei seinare paa Evanger i Evangerkrinsen. Fyrst i 1883—84 fekk Evanger si tridje skulestova paa Brekkhus i Teidalen. Ellers var det umgangs skular her i Evanger.

Daa Evanger vart eige herad, vart der teke upp ymse kommunalt arbeid til fremja av vegspursmaali. I 1890 aari vart Teidalsvegen umbygd til skikkeleg bygdeveg. Upphaveleg var det berre kløvveg fraa Brekkhus til Fadnes. Denne vegen vart so utbetra litt i senn frametter aari, so den vart eit slag køyreveg, menn bakkut og smal. Noko gamaldagse bruar vart bygde: Straumabrui ovenfyre Langeland, Mæstadbrui ved Mæstad og Fadnesbrui. Under ombygget fekk Teidølene en tidhøveleg veg med steinkvelvbruar ved Langeland og Fadnes og jarnbru ved Mæstad. Umbyggningsarbeidet tok 15 aar.

I 1891 vart det bygt hovudveg fraa Evanger til Fadnes. Vegen vart bygd for staten si rekning mot vanlegt fylkes- og heradstilskot. Soleis er der no samanhengjande køyreveg fraa garden Aarhus i Teidalen til Evanger. I 1885 vart der bygt bru yver elvi millom strandstaden Evanger og Evanger jernbanestation, som ligg paa sørsida av elvi. Brui vart bygd for jernbana si rekning med eit tilskot fraa Evanger herad.

I 1910 fekk me bru yver elvi ved Bolstad, so der vart samanhengjande køyreveg millom Bolstadøyri og Bolstad jernbanestation. Brui vart bygd for staten si rekning som hovudveg med tilskot fraa jernbana, fylke og herad.

So hev ein hovudvegen gjenom Bergsdalen — fraa Dale jernbanestation til Hamlegrøvatnet. Denne vegen ligg for det meste innan Evanger herad. Vegen vart bygd bolkevis uppyver Bergsdalen i aari 1900 til 1910. Bergsdølene kann no køyra i bil fraa Dale jernbanestation til vestenden av Hamlegrøvatnet.

Vegen gjenom Eksingedalen er og bygd bolkevis fraa Eidsland i Stamnes og uppyver dalen. For tidi byggjer ein paa bolken Fosse—Nesheim. I 1823 vart det vedteke av fylkestinget, at vegarbeidet i Eksingedalen skal halda fram ubrote, til ein er komen til Gulbraa, øvste garden i dalen. No kann eksingdølerne køyra fraa Eidsland til garden Bergo i Evanger herad. Vegen vert bygd som hovudveg med fylkes- og heradstilskot. Av nye bygdevegar hev heradet 2 anlegg under arbeid: Bolstad—Rørbakken (vanleg kalla Rasdalsvegen) og Rongo—Øvstedal (kalla Øvstedalsvegen).

Paa heradet sin vegsplan av 1920 hev ein etternemde veganlegg, som ein vonar faa bygt i framtidi:

1. Hovudveg fraa Brekkhus i Teidalen til Nesheim i Eksingedalen.

2. Hovudveg fraa Evanger til Vasenden paa sørseda av Evangervatnet med bru yver elvi til hovudvegen millom Evangervatnet og Bolstadøyri.

3. Byggdevegen Evanger — Elgje — Mugaas — Bjørgaas — Steine.

4. Saghaug bru—Skjærveggen.

Naar alle desse vegbygg vert ferdige ein gong i framtidi, vert det tidhøveleg framkomst i Evanger ogso.

Daa aarhundradet byrja stod Evanger utan ein einaste stubbe køyreveg — berre kløvvegar og gangstigar. Utferdi til Bergen gjekk for seg med baat fraa Bolstadøyri etter Osterfjorden og til byen.

I dag er bygdi sine samferdsle- og utferdsmidlar soleis:

a) Jernbane fraa Evanger til Bergen og fraa Evanger til Oslo.

b) Hovudveg fraa Evanger til Voss (Kann farast).

c) Hovudveg fraa Evanger til garden Fadnes (God bilveg).

d) Hovudveg fraa vestenden av Evangervatnet til Bolstad jernbanestation (God bilveg).

e) Hovudveg fraa Dale fabriker i Bruvik til Hamlegrøvatnet øvst i Bergsdalen (God bilveg).

f) Hovudveg fraa heradsgrensa med Modalen herad i Øksendalsbotnen til garden Bergo og um ca. 4 aar til Nesheim i Eksingedalen.

g) Bygdeveg fraa garden Fadnes til garden Aarhus i Teidalen.

h) Ein nybygd bygdevegsbolk av Rasdalsvegen.

i) Ein nybygd bygdevegsbolk av Øvstedals-vegen.

I skulevegen hev det vore mange umskifte framyver i aarhundradet. I fyrstningen var heradet deilda i 4 umgangsskulekrinsar. Kvart barn hadde 6 vikor skule ura aaret.

No er heradet deilda i desse krinsane:

1. Tysso krins med skulehus paa Tysso, udeilda skule med 18 vikor aarleg.

2. Mælands krins med skulehus paa Mæland, udeilda skule med 19 vikor aarleg.

3. Bjørgo krins med leigt skulerom paa Bjørgo, udeilda skule med 18 vikor aarleg.

5. Brekkhus krins med skulehus paa Brekkhus, tvodeilda skule med 18 vikor storskule og 12 vikor smaaskule aarleg.

6. Fagerbø (Bergo) krins med skulehus paa Fagerbø, udeil da skule med 18 vikor aarleg.

7. Brakestad krins med leigt skulerom paa Ekse, udeilda skule med 19 vikor aarleg.

8. Evanger krins med skulehus paa Evanger, 4 deilda skule med 18 vikor for dei tvo storskuleklassone og 12 vikor for dei tvo smaaskuleklassone aarleg.

9. Kvilekval krins med skulehus paa Kvilekval, tvodeilda skule med 18 vikor for storskuleklassa og 12 vikor for smaa skuleklassa aarleg.

10. Rongo krins med skulehus paa Rongo, trideilda skule med 18 vikor for dei tvo storskuleklassone og 12 vikor for smaa skuleklassa.

11. Rasdal krins med leigt skulerom paa garden Rasdal (nedre); udeilda skule med 18 vikor aarleg.

12. Hattestad krins med skulehus paa Hattestad, udeilda skule med 18 skulevekor aarleg.

13. Øye krins med skulehus paa Øie, udeilda skule med 18 vikor aarleg.

Evanger er diverre av natur deilda upp i mange mindre grender langt fraa ein annan. Difør lyt ein hava so mange udeilda skular. Av di barnetalet oftast er lite i dei udeilda skulane, kann ein der naa Ukelangt fram i kunnskapsvegen som i dei klassedeilda skulane. Men det er dyrt for heradet aa halda so mange skulekrinsar. Evanger skulebudgett vart no sist uppgjort med kr. 34,185.00 brutto. Heile heradsbudgettet utgjer kr. 113,000.00, derav kr. 85,000.00 til utlikning.

Som fyrr fortalt vart Evanger eige prestegjeld i 1892. Garden Væle vart teken til prestegard, av di denne garden var staseigedom. Prestegardshusi vart bygde i 1893-og 94. Prestebustaden er ein uneleg heim med mange ljose rom. So hev ein bygt tvo klokkarbustader, ein paa Evangerhaug og ein paa Fagerbø (Bergo) i Eksingedalen. Naar eksingdølene fekk si kapelkyrkja paa Nesheim, maatte kapelsokni faa eigen klokkar eller kyrkjesongar.

Ein stor hjelpekyrkjegard er no lagd kring kapelkyrkja og vart ferdig ifjor. Ein ny hjelpekyrkjegard er lagd paa Bolstadøyri like inntil bedehuset der. Bedehuset er tilstellt som ei liti kyrkja med altarring til nattverdtenesta. Tanken er aa faa døypefont ogso, so der kann haldast full gudstenesta. I Bergsdalen er ogso ein hjelpekyrkjegard. Folki der hev fenge lovnad paa 4 sundagspreikor um aaret. Desse vert haldne i skulehusi paa Øie og Hatlestad. I kapellkyrkja paa Nesheim er og 4 sundags-gudtjenestor um aaret. Bergsdølene er no byrja samla ihop midlar til aa byggja ei kapelkyrkja paa Lie tett med hjelpkyrkjegarden der. Dei treng storleg um ei kykja, dei og, men det skal mange pengar til eit sovore tiltak. Bolstadøyri hev umlag 10 sundags-preikor um aaret. I Eksingedalen les presten med konfirmantene der og held konfirmation i kyrkja paa Nesheim. Det same vilde han faa lov aa gjera i Bergsdalen ogso, berre der var kyrkja. Paa Evanger hev lenge vore bedehus, kor lægmenn helst talar. Det tidlegare bedehuset brann ned i 1913 den 10de april, men no er eit nyt stort bedehus kome i staden. I kjellarhøgdi er kjøkken, ein stor matsal og eit forsamlingsrum til mindre uppbyggjingsmøter.

Me kann nok segja, at Guds ord bur rikeleg millom oss her i Evanger. “Det var ikkje so i gamle dagar, daa me hadde kyrkja berre paa Evanger og ingi bedehus og preik berre tredjekvar sundag, av di Evanger var anneks til Voss.

Den no verande kyrkja paa Evanger er bygd i 1851. Ho vart uppussa baade innan- og utantil i 1918. I 1912 fekk ho nyt orgel. Det kosta 14 tusen krunor. Same aaret fekk ho ny altartavla med eit bilæte av kunstmalar Lars Osa. Motivet er: Jesus bergar Peter paa Genesaretssjøen.

Kyrkja er no vorte eit unelegt gudshus. Tvo magasinomar vernar mot kulden i vintertidi.

I 1886 fekk Evanger eigen sparebank. Den hev no ein forvaltningskapital paa yver l million krunor.

Ei stor ulukka raama oss her den 10de april 1923, daa storparten av husi paa strandstaden Evanger brann ned.

No er strandstaden regulerad og storparten av husi uppattbygde; men denne ulukka volda baade kommuna og dei private huseigarane store utlogor. Vonar, at Evanger ikkje vert ute for ei slik ulukka oftare.

Ungdomslagi paa Evanger og Bolstadøyri hev ogso fenge seg eigne forsamlingshus med kjøkken og matsal i kjellarhøgdi. Desse lagi arbeider for ædrugskap, sedugskap og norskdøm innan ungdomsflokken.

Av dei menn, som i gamle dagar tok mest part i det kommunale arbeidet i Evanger, kann eg nemna: Gardbrukarne Nils Larson Bolstad, Gullik Johannessen Horvei, Lars Nilsson Nesheim, Gullik Sjurson, Jakob Knutson Elgje og Anders Knutson Kvilekval og so min gamle far, lensmann Brynjulv Nilsson Mugaas, og vidare kyrkjesongar Peder Brynjulvson Mugaas. Alle desse er gjengne i gravi for længer eller kortare tid sidan med undantak av min far, som lever enno og er paa føtene. Han var 90 aar den 17de desember 1924. Av seinare kommunemenn kann eg nemna lærar og gardbrukar Johannes Gulliksen Horvei og lærar og gardbrukar Olav Knutson Bjørgaas. Dei lever enno og er framleides i kommuna si tenesta paa ymse maatar.

Evanger sin fyrste ordførar var Gullak Johannesson Horvei. Han gjorde tenest som ordførar fraa 1885 til 1887. So var Anders Knutson Kvilekval ordførar fraa 1888 til 1897. I dei tri siste aari var Kvilekval sjukleg og døydde i mai 1897. I dei aari gjorde varaordførarene Peder Mugaas og Johannes Horvei ofte ordførartenesta. I 1898 kom eg til som ordførar og stod i denne stoda til utgonga av 1913. So var Johs. Horvei ordførar i valbolken 1914—16. I 1917 kom eg aanyo inn i ordføraryrket og hev halde ved med dette sidan.

I aari 1914 til 16 gjorde eg tenest som formann i skulestyret. No er eg 68 aar gamal og ein umlag utsliten kommunemann. Eg hev vore med i heradsstyret sidan 1892 med undantak av bolken 1914—16. Aattaat hev eg arbeidt som lærar i folkeskulen i 49 aar og som formann i direktionen for Evanger sparebank sidan 1892. No snart lyt yngre menn byta med meg i alle desse yrki. Eg er so fri aa senda eit bilete med, so Vossalaget i Amerika kann sjaa, at ordføraren i Evanger er vorten ein gamal mann. Og so ynksjer eg det gilde Vosselaget allt godt i framtidi og gratulerar av heilt hjarta med hundradaarshøgtidi.

Til slutt lyt eg beda um orsaking for at dette sendebrevet er nedramsa i all hast. Eg hev nettupp i desse dagar havt aarsprøva ved skulen, og so held eg paa gjera meg ferdig til aa reisa til fylkestinget, so eg hev det nokso ansamt for tidi. Kann henda Vossalaget skal faa ei melding fraa meg seinare.

Med beste helsing, N. Mugaas Evangerhaug 18de mai 1925.