Kjervik (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner
m (| målform = nn) |
|||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{Infoboks gard | {{Infoboks gard | ||
| målform = nn | |||
| bgfarge = | | bgfarge = | ||
| navn = Kjervik | | navn = Kjervik |
Sideversjonen fra 14. feb. 2014 kl. 13:21
Kjervik | |
---|---|
Alt. namn: | Kreken, Kjærvik, Viki |
Stad: | Jostedalen |
Fylke: | Sogn og Fjordane |
Kommune: | Luster |
Gnr.: | 198 |
Kjervik (Luster, gnr. 198) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krekagrendi på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot Ytri og i nord mot Kreken.
Frå Kreken til Kjervik
Garden er nemnd i den eldste skattelista etter øydetida (1596) med namnet Krigen. "Kreken" (Kregen) var det vanlege namnet på garden den fyrste tida, men i andre halvdel av 1600-talet tok Kjervik over (Kervig, Kiervig(en)). På 1700-talet kom så Kregen i bruk som namn på grannegarden Kjeppe (sjå Kreken). Det lokale namnet på garden har iallfall i nyare tid vore Viki.
Bruk
Kjervik og grannegarden Ytri i sør var opphavleg ein gard. Mot slutten av 1630-åra vart så Ytri utskild som eige bruk. Gardane vart likevel matrikulerte i lag fram til 1838-matrikkelen då dei fekk kvar sine matrikkelnummer. Gjennom mange år på 16- og 1700-talet var det rot med skyldtala på dei to gardane.
Seinare bruksdeling:
- Bnr. 1 Tuften - fråskild bnr. 2 Viki ved delingsforretning 9.6.1859
- Bnr. 2 Viki - det opphavlege bruket
- Bnr. 3 Berget - rydda kring 1877, fråskild bnr. 1 Tuften ved delingsforretning 15.5.1891
- Bnr. 4 Nordberg - rydda kring 1872, fråskild bnr. 2 Viki ved delingsforretning 10.6.1898
Husmannsplassar
Det har vore to husmannsplassar under Kjervik:
- Iverolaplassen - rydda kring 1875, plass under bnr. 1, nedlagt alt kring 1879
- Nordberg - rydda krign 1872, plass under bnr. 2, fråskild i 1898 som bnr. 4 Nordberg
Personar frå Kjervik
Knut Erikson Kjervik (1766-1847), gardbrukar
Kjelder og litteratur
- «Viig» i folketeljinga 1801 (Digitalarkivet)
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 486-516. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Kjervik», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane