Knut Liestøl (1881–1952)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Byste av Liestøl ved Åknes kapell i Åseral.
Foto: Siri Johannessen (2013).

Knut Liestøl (fødd i Åseral 13. november 1881, død i Bærum 26. juni 1952) var folklorist. Foreldra var bonde Olav Liestøl og Sigrid Røynlid. Han gifta seg i 1913 med Signe Høgetveit (1890–1972) frå Vinje. Lars Liestøl var farbror hans.

Etter mellomskuleeksamen (1899) var han eit par år huslærar hos farbroren på Frøysnes i Bygland, den gongen eit kultursentrum i Setesdal. Her vakna interessa hans for den gamle folkediktinga. Han tok artiumAars og Voss skole og tok til å studere filologi. Engelsk hovudfag tok han i 1908. Året etter vart han tilsett som dosent i landsmål ved universitetet. I 1915 tok han doktorgraden på avhandlinga Norske trollvisor og norrøne sogor.

Avgjerande for framtidsvegen hans var at han tidleg vart kjend med Moltke Moe. Liestøl vart hans elev og saman gav dei ut samlinga Norske folkevisor fraa millomalderen (1912). Etter Moes død (1913) grunnla han Norsk Folkeminnesamling ved universitetet i 1914 og styrde den til 1951. I 1917 vart han professor i norsk folkeminnevitskap – embetet etter Moltke Moe – og denne stillinga hadde han resten av livet, med unntak av åra 1933–35 da han var statsråd i Johan Ludvig Mowinckels regjering. Det var Liestøl som var kyrkje- og undervisningsminister da Norsk rikskringskasting kom i gang.

I 1920 var han med på å skipa Norsk Folkeminnelag og var styremedlem til 1951.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer

Bibliografi (utval)

  • Norske folkevisor fraa millomalderen (sm.m. Moltke Moe). 1912.
  • Norsk folkedikting. 1914.
  • Norske trollvisor og norrøne sogor, dr.avh. 1915.
  • Norske folkevisor. Folkeutgåve, band I-III. 1920-24.
  • Norske ættesogor. 1922. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Målreising. 1927.
  • Upphavet til den islendske ættesaga. 1929. (Oversettelser: The Origin of the Icelandic Family Sagas. Oslo 1930. Der Ursprung der Isländersaga/Tradition und verfasser in der Isländischen Familiensaga. Darmstadt 1974.)
  • Saga og folkeminne, festskrift til Knut Liestøl på seksti-årsdagen 13. november 1941. 1941.
  • Helsingshefte til Knut Liestøl på 60-årsdagen hans 13. november 1941 frå Syn og Segn. 1941.
  • Scottish and Norwegian Ballads. 1946.
  • Draumkvæde. A Norwegian Visionary Poem from the Middle Ages. 1946.
  • P. Chr. Asbjørnsen. Mannen og livsverket. 1947.
  • Moltke Moe. 1949.
  • Knut Liestøl. In memoriam. 1955.
  • Ivar Aasen. 1963.
  • Den norrøne arven. 1970.
  • Botnedalen. Ved Harald Kihle, Knut Liestøl og Henrik Sørensen. 1984. (Byggjer på eit etterlate manuskript av Liestøl.)