Knut Liestøl (1881–1952)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Liestøl (fødd i Åseral 13. november 1881, død i Bærum 26. juni 1952) var folklorist. Foreldra var bonde Olav Liestøl og Sigrid Røynlid. Han gifta seg i 1913 med Signe Høgetveit (1890–1972) frå Vinje. Lars Liestøl var farbror hans.

Etter mellomskuleeksamen (1899) var han eit par år huslærar hos farbroren på Frøysnes i Bygland, den gongen eit kultursentrum i Setesdal. Her vakna interessa hans for den gamle folkediktinga. Han tok artium på Aars og Voss' skole og tok til å studere filologi. Engelsk hovudfag tok han i 1908. Året etter vart han tilsett som dosent i landsmål ved universitetet. I 1915 tok han doktorgraden på avhandlinga Norske trollvisor og norrøne sogor.

Avgjerande for framtidsvegen hans var at han tidleg vart kjend med Moltke Moe. Liestøl vart hans elev og saman gav dei ut samlinga Norske folkevisor fraa millomalderen (1912). Etter Moes død (1913) grunnla han Norsk Folkeminnesamling ved universitetet i 1914 og styrde den til 1951. I 1917 vart han professor i norsk folkeminnevitskap – embetet etter Moltke Moe – og denne stillinga hadde han resten av livet, med unntak av åra 1933–35 da han var statsråd i Johan Ludvig Mowinckels regjering. Det var Liestøl som var kyrkje- og undervisningsminister da Norsk rikskringskasting kom i gang.

I 1920 var han med på å skipa Norsk Folkeminnelag og var styremedlem til 1951.

Kjelder og litteratur

Hodne, Ørnulf: artikkel i Norsk biografisk leksikon, bind 6. 2003.

Bibliografi (utval)

  • (sm.m. Moltke Moe): Norske folkevisor fraa millomalderen. Jacob Dybwads Forlag. Kristiania 1912.
  • Norske trollvisor og norrøne sogor. Olaf Norlis Forlag. Kristiania 1915.
  • (sm.m. Moltke Moe): Norske folkevisor. Folkeutgave. Band I-III. Jacob Dybwads Forlag. Kristiania 1920-24.
  • Norske ættesogor. Olaf Norlis Forlag. Kristiania 1922.
  • Målreising. Olaf Norlis Forlag. Oslo 1927.
  • Upphavet til den islendske ættesaga. Aschehoug forlag. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Oslo 1929. (Oversettelser: The Origin of the Icelandic Family Sagas. Oslo 1930. Der Ursprung der Isländersaga/Tradition und verfasser in der Isländischen Familiensaga. Darmstadt 1974.)
  • Saga og folkeminne. Olaf Norlis Forlag. Oslo 1941.
  • Helsingshefte til Knut Liestøl på 60-årsdagen hans 13. november 1941 frå Syn og Segn. Det norske samlaget. Oslo 1941.
  • Scottish and Norwegian Ballads. Studia Norvegica No. 1. 1946.
  • Draumkvædet. A Norwegian Visionary Poem from the Middle Ages. Studia Norvegica No. 3. 1946.
  • P. Chr. Asbjørnsen. Mannen og livsverket. Johan Grundt Tanum. Oslo 1947.
  • Moltke Moe. Aschehoug forlag. Oslo 1949.
  • Knut Liestøl. In memoriam. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 76. Oslo 1955.
  • Ivar Aasen. Norske Folkeskrifter nr. 95. Oslo 1963.
  • Den norrøne arven. Universitetsforlaget. Oslo 1970.
  • Botnedalen. Ved Harald Kihle, Knut Liestøl og Henrik Sørensen. Tokke historielag. Skien 1984. (Bygger på et etterlatt manuskript av Liestøl.)