Kristiansund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristiansund sett fra Tustna.
Foto: Olve Utne (2011).

Kristiansund er ein by og administrasjonssenter i Kristiansund kommuneNordmøre. Han strekk seg over tre øyer med eit samla areal på 22 kvadratkilometer. Busetninga i området var opphavleg kjend som Lille-Fosen, som på 1600-tallet fekk status som ladestad. Den 29. juni 1742 gav Christian VI status som kjøpstad, og gav byen namnet Christiansund etter seg sjølv. Byen var identisk med Kristiansund kommune fram til 1964, då den vesle øykommunen Grip og ein del av Bremsnes kommune vart innlemma. Då Frei også vart innlemma i 2008 vart kommunen omkring fire gonger så stor som sjølve byen.

Kristiansund ligg på tre øyar: Nordlandet, Gomalandet/Kirklandet og Innlandet. Heilt sidan 1876 har sundbåtane gått mellom øyane og knytt dei saman.

Byen vart kjend som eit sentrum for produksjon og eksport av klippfisk, ei historie som bland anna formidlast av Norsk klippfiskmuseum i Kristiansund. I seinare år har byen vorte eit administrasjonssenter for olje- og gassindustrien på Haltenbanken. Den er også regionssenter for Nordmøre.

Tettstaden Kristiansund strekk seg ikkje ut over kommunegrensene. Meir enn to tredjedeler av kommunen sin befolkning bur innafor tettstaden sine grenser.

Galleri

Kjelder


Koordinater: 63.115937° N 7.7133975° Ø