Kruna (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

ny bolk om gardsnamnet
(→‎Kjelder og litteratur: 1910-teljinga)
(ny bolk om gardsnamnet)
Linje 28: Linje 28:
==Mellomaldergard==
==Mellomaldergard==
<onlyinclude>Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19.</onlyinclude><ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=114 Diplom 1318-19] (Jostedal historielag)</ref> <onlyinclude> Kruna er dessutan ein av nokre få gardar i Jostedalen der ein har arkeologiske registreringar med dateringar av dei eldste dyrkingslaga. Ei registrering i 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet. </onlyinclude><ref>Sivertsen 2006</ref>
<onlyinclude>Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19.</onlyinclude><ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=114 Diplom 1318-19] (Jostedal historielag)</ref> <onlyinclude> Kruna er dessutan ein av nokre få gardar i Jostedalen der ein har arkeologiske registreringar med dateringar av dei eldste dyrkingslaga. Ei registrering i 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet. </onlyinclude><ref>Sivertsen 2006</ref>
==Namnet==
Namneforma i 1318-19 er ''a Krunu'', og dialektforma i nyare tid er sameleis ''/kruna/''. Oluf Rygh meiner namnet må kome av 'ei krune', som har vore nytta både om namn på fjell og meir isolerte lågare høgder. Det stemmer godt med plasseringa av gamletunet på Kruna som ligg på ei høgd med fritt utsyn til tre kantar.<ref> Oluf Rygh, [http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS185966@41593=on  Norske Gaardnavne], b. 1 s. 5-6</ref> Den offisielle skrivemåten er ''Kruna'', og det førekjem som gardsnamn også i Vefsn og Åmli, og som namn på toppar og høgder ei rekkje andre stader på Sør- og Vestlandet og i Nord-Noreg.<ref>[http://www.norgeskart.no/adaptive2/default.aspx?gui=1&lang=2 Norgeskart] (Statens kartverk)</ref>
I det fyrste dokumentet etter øydetida førekjem gardbrukaren ''Enner i Kronen''. I dei neste skattelistene er namnet forvanska til ''Kremmer'' (1600), ''Keronn'' (1603), ''Krumme'' (1611, 1612, 1613,  1614, 1620, 1624, 1626) , ''Krummen'' (1612) og ''Crumme'' (1627). Namnet førekjem gjerne i ubunden form dei fyrste tiåra på 1600-talet, såleis ''Krun(n)e'' (1615, 1616, 1617), ''Crone'' (1620, 1632) og ''Kronne'' (1623).<ref>[http://arkivverket.no/arkivverket/Digitalarkivet/Hjelp/Om-kjeldene/Lensregnskap/Bergenhus-len-1-50 Futerekneskapa for Indre Sogn] i Lensrekneskapane for Bergenhus, Digitalarkivet</ref>
Frå kring 1617/18 er det former med bunden form og 'C' som dominerer (''Cronen, Cronenn, Cronnen''). Utover på 1600-talet og særleg 1700-talet er det ''Cronen'' som er klart mest i bruk.
Skriveformer med 'K' var vanlege dei fyrste åra på 1600-talet, jf. òg nokre førekomstar med bunden form ''Krunnen'' (1611), ''Kronnen'' (1617) og ''Krunnen'' (1628). At namnet vart skrive ''Kronen'' ein gong i 1636 var nok heller tilfeldig, og det var eit unntak at ''Kronen'' vart nytta i matrikkelutkastet 1723.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=2057 Matrikkelutkastet 1723 for Jostedalen] (Jostedal historielag)</ref> Den vanlege forma var nok ''Cronen'' til ''Kronen'' for alvor tok over på 1800-talet.


==Bruksdeling==
==Bruksdeling==
Veiledere, Administratorer, Skribenter
4 496

redigeringer