Kvensk

Sideversjon per 28. jan. 2016 kl. 20:49 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})

Kvensk (Mal:Bokm./Mal:Nyn.) eller kvænsk (eldre nynorsk), kvensk kainun kieli, er eit fellesnamn for austersjøfinske dialektar i Nord-Noreg som er mest nærskyldt med meänkieli (tornedalsfinsk), men òg relativt nærskyldt med standard finsk. Blant morsmålstalarane finst det både dei som føretrekkjer å sjå på kvensk som eit eige språk og dei som føretrekkjer å sjå på språket sitt som ein variant av standard finsk. Kvensk er godkjent som eige språk av Stortinget etter vedtak den 26. april 2005. Som skriftspråk er kvensk normert av Kvensk språkting (etablert 2008). Kvensk har offisiell status som skriftspråk i Porsanger kommune (Porsangin komuuni, Porsanki). Det finst elles enno ikkje noko eige forvaltningsområde for kvensk språk.