Kvitsøy fyr: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 9: Linje 9:


===Fyrdynastiet von Fyhren===
===Fyrdynastiet von Fyhren===
Henrik Petersen budde i Stavanger og betalte folk på Kvitsøy og Høyevarde for å passa på fyra. Noko lukurativ geskjeft kan det tydelegvis ikkje ha vore. Då Petersen døydde i 1831, var gjelda hans 1100 riksdalar. I følgje ein soneson hadde han sett formuen sin overstyr ved opprettinga av fyra. Familien tok på denne tida til å skriva seg for von Fyhren, truleg eit forsøk på å tilsnika seg adelsskap. Son til Henrik, Morten Henrik Petersen von Fyhren, fekk kongebrev på Kvitsøy og Høyevarde fyr i si livstid både av kong Christian VI i 1744 og kong Fredrik V i 1747. Enka etter Henrik hadde rett på halvdelen av inntektene frå fyra så lenge ho ikkje gifta seg på ny. Gjennom heile 1700-talet var Kvitøy fyr i familien von Fyhren si eige. Fyret blei overteke av staten i første del av 1800-talet, men tradisjonen om fyrdynastiet levde vidare og på 1900-talet fanst det fortsatt personar i Stavanger med døypenamnet "Petersen von Fyhren".