Kvitsøy fyr: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Ny side: {{under arbeid}} '''Kvitsøy fyr''' ligg i Kvitsøy kommune. Det blei etablert i 1700 og er såleis eit av dei eldste fyra i landet. ===Opphavsforteljinga=== I følgje lokal tradisjon ...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 6: Linje 6:


===Det første vippefyret===
===Det første vippefyret===
Ein kongeleg resolusjon av 8. mai 1700 gav Henrik Petersen løyve til på eigen kostnad å byggja eit "realfyr" på Kvitsøy og ei sjølykt på [[Høyevarde]] i Karmsundet nord for Kopervik. Fyra skulle vera tente frå 20. august til 20. mars. Som betaling fekk Petersen rett på fire skilling per lest (1,7 kubikkmeter) av skip som kom til Stavanger, Bergen og Trondheim. Tollarane på dei respektive plassane skulle kreva inn avgifta. Mange skip på denne tida hadde ein lastekapasitet på 50-100 lester, så Petersen kunne ofte innkassera 2-3 riksdalar per fartøy. Fyret på Kvitsøy er i 1705 omtala som eit vippefyr. Ein lang stokk var montert på ein trebukk. I den eine enden var ei korg med kol som ein tente på. I andre enden fanst eit tau slik at stokken kunne heisast og senkast. Ein modell av eit slikt vippefyr vart for nokre år sidan reist på Kvitsøy.
===Fyrdynastiet von Fyhren===