Kvitsøy fyr: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:


===Utbygging av fyret===
===Utbygging av fyret===
I 1770-åra kom det mange klager om Kvitsøy fyr, særleg frå borgarar i Bergen. Amtmannen i Stavanger konkluderte med at her burde reisast eit tårn, samt utførast ein del mindre utbetringar. Det skulle ta lang tid før bygginga av tårn vart realisert. Nye planar i 1790-åra stranda då fyreigaren ikkje såg seg istand til å kosta tårnbygginga. I 1802 gjekk fyrprivilegiet over til kapellan Børge Petersen, soneson til den opphavlege eigaren. Han fornya vippen, fekk bygt ny vaktstove, ein inspektørbustad med meir. Sonen hans flytta til Kvitsøy som inspektør. Ein inspeksjonsrapport i 1807 opplyser at det årlege forbruket av kol utgjorde 400 tønner og driftsutgiftene var 1207 riksdalar.
I 1770-åra kom det mange klager om Kvitsøy fyr, særleg frå borgarar i Bergen. Amtmannen i Stavanger konkluderte med at her burde reisast eit tårn, samt utførast ein del mindre utbetringar. Det skulle ta lang tid før bygginga av tårn vart realisert. Nye planar i 1790-åra stranda då fyreigaren ikkje såg seg istand til å kosta tårnbygginga. I 1802 gjekk fyrprivilegiet over til kapellan Børge Petersen, soneson til den opphavlege eigaren. Han fornya vippen, fekk bygt ny vaktstove, ein inspektørbustad med meir. Sonen hans flytta til Kvitsøy som inspektør. Ein inspeksjonsrapport i 1807 opplyser at det årlege forbruket av kol utgjorde 400 tønner og driftsutgiftene var 1207 riksdalar. Ved kongeleg resolusjon i 1815 overtok staten fyra på Kvitsøy og Høyevarde for 8222 riksdalar. Bånda til Persen-familien vart likevel ikkje brotne. Børge Petersen fekk rett på ei årleg avgift på 300 spesiedalar av fyrdrifta, og sonen hans fekk halda fram som inspektør. Fyra skulle frå no av vera tende heile året.
 
Det lenge omtalte tårnet blei ikkje bygt før i 1829. Det var eit sekskanta tårn av murstein, 29 alen høgt, med kolbluss på toppen. I 1852-55 skjedde ei ombygging av fyret. 
Tårnet vart gjort 15 fot høgare, ny lykt sett opp og linseapparat innstallert. Ein ny betjentbustad med uthus blei også reist. Nye utbetringar fylgde rundt 1890. Fyret fekk okkulterande lys i staden for blinkog ny lampe. Ei ny stor lykt kom på plass i 1907. Lampar med veike vart erstatta av elektriske glødelampar i 1912, medan elektriske glødelampar gjorde sitt inntog i 1938, etter at Kvitsøy hadde fått kommunalt elektrisitetsverk.